Lukas 16 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Den kloke hushaldaren

1Jesus sa til læresveinane: Det var ein gong ein rik mann som hadde ein hushaldar. Og folk kom til han og sa at denne hushaldaren øydde bort det han åtte.

2Då kalla han hushaldaren til seg og sa: «Kva er det eg høyrer om deg? Gjer rekneskap for styringa di, for du kan ikkje lenger vera hushaldar hjå meg.»

3Mannen tenkte: «Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Grava orkar eg ikkje, og eg skjemmest ved å tigga.

4Jau, no veit eg kva eg vil gjera så dei skal ta meg til seg når eg vert avsett.»

5Så kalla han til seg skuldmennene åt herren sin, ein for ein, og sa til den fyrste: «Kor mykje er du skuldig husbonden min?»

6«Hundre fat olje,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt,» sa hushaldaren, «set deg ned med ein gong og skriv femti.»

7Så spurde han den neste: «Og du, kor mykje skuldar du?» «Hundre tønner kveite,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti,» sa hushaldaren.

8Herren rosa den uærlege hushaldaren fordi han hadde fare klokt åt, og han sa: Denne verdsens born er klokare til å stella seg med kvarandre enn ljosens born. Lova og Guds rike(Matt 11,12–13)

14Alt dette høyrde farisearane, og pengekjære som dei var, spotta dei Jesus.

15Då sa han til dei:

De vil ha folk til å tru at de er rettferdige, men Gud kjenner hjarto dykkar. Det som er stort mellom menneske, er ein styggedom for Gud.

18Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna kvinne, han bryt ekteskapet. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, han bryt ekteskapet.Den rike mannen og Lasarus

19Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og gaman dag etter dag.

20Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår.

21Han ynskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen. Og hundane kom og sleikte såra hans.

22Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd.

23Som han slo opp augo i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus innmed barmen hans.

24Då ropa han: «Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan duppa fingertuppen i vatn og svala tunga mi. For eg lid fælt i denne logen.»

25Abraham svara: «Kom i hug, barnet mitt, at du fekk det gode du ville ha medan du levde, og Lasarus like eins det som vondt var. No vert han trøysta her, medan du lid vondt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help