4. Mosebok 28 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Lov om ofring på høgtidsdagar

1Herren sa til Moses:

2Gjev israelittane dette påbodet: Til fastsett tid må de syta for å bera fram for meg offergåvene mine av mat, eldoffer som angar godt for meg.

3Sei til dei: Dette er det eldofferet som de skal bera fram for Herren kvar dag: to årsgamle, lytelause lam. Det er det daglege brennofferet. 2 Mos 29,38ff

4Det eine lammet skal du ofra om morgonen og det andre om kvelden, straks etter soleglad.

5Som grødeoffer skal du bera fram ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven.

6Dette er det daglege brennofferet, som fyrst vart frambore ved Sinai-fjellet, eit eldoffer til godange for Herren.

7Drikkofferet som høyrer til det fyrste lammet, skal vera ein fjerdedels hin, eit offer av sterk drikk, som du ber fram for Herren i heilagdomen.

8Det andre lammet skal du ofra om kvelden, straks etter soleglad, og det same grødeofferet og drikkofferet som om morgonen. Det skal vera eit eldoffer som angar godt for Herren.

9På sabbatsdagen skal du ofra to årsgamle, lytelause lam, som grødeoffer to tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje, og drikkofferet som høyrer til. Matt 12,5

10Dette er det serskilde brennofferet som skal berast fram kvar sabbat, attåt det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.

11Den fyrste dagen i kvar månad skal de bera fram eit brennoffer for Herren: to unge oksar, ein ver og sju årsgamle, lytelause lam. Jes 1,13; Am 8,5

12For kvar okse skal de bera fram eit grødeoffer på tre tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje, for den eine veren to tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje,

13og for kvart lam ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje. Såleis skal brennofferet vera, eit eldoffer som angar godt for Herren.

14Drikkoffera som høyrer til, skal vera ein halv hin vin for kvar okse, ein tredjedels hin for veren og ein fjerdedels hin for kvart lam. Dette er nymåne-brennofferet, som skal berast fram kvar nymånedag i året.

15Ein bukk skal de òg ofra som syndoffer til Herren, attåt det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.

16Den fjortande dagen i den fyrste månaden er det påskehelg for Herren. 2 Mos 12,18; 3 Mos 23,5ff; 5 Mos 16,1ff

17Og frå den femtande dagen i same månaden er det høgtid; då skal de eta usyrt brød i sju dagar.

18Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

19Som brennoffer, eldoffer for Herren, skal de bera fram to unge oksar, ein ver og sju årsgamle lam; og dei må vera utan lyte.

20Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for veren

21og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

22Ein bukk skal de bera fram som syndoffer til soning for dykk.

23Dette skal de ofra attåt den delen av det daglege brennofferet som vert frambore om morgonen.

24Slike offer skal de bera fram kvar av dei sju dagane. Det er eldoffermat som angar godt for Herren. Attåt det daglege brennofferet skal de bera det fram, med drikkofferet som høyrer til.

25Den sjuande dagen skal det vera heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

26På fyrstegrødedagen, når de høgtidar sjuvekehelga og ber fram for Herren offer av den nye grøda, skal det vera heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. 3 Mos 23,15ff

27De skal bera fram eit brennoffer til godange for Herren: to unge oksar, ein ver og sju årsgamle lam.

28Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for veren

29og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

30Ein bukk skal de bera fram til soning for syndene dykkar.

31Dette skal de ofra attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til. Og dyra må vera utan lyte.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help