2. Kongebok 24 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1I hans dagar gjorde Nebukadnesar, kongen i Babylonia, ei hærferd. Jojakim gav seg under han og lydde han i tre år, men så gjorde han opprør.

2Då sende Herren herjeflokkar imot han, kaldearar, aramearar, moabittar og ammonittar. Han sende dei mot Juda av di han ville gjera ende på folket. For så lydde det ordet som Herren hadde tala gjennom tenarane sine, profetane.

3Det som hende med Juda, var heilt etter Herrens ord. Såleis ville han støyta dei bort frå seg på grunn av alle dei syndene Manasse hadde gjort.

5Det som elles er å seia om Jojakim og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

6Jojakim gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Jojakin, son hans, vart konge etter han.

7Kongen i Egypt drog ikkje ut or landet sitt meir; for babylonarkongen hadde teke alt land som høyrde han til, frå Egyptarbekken til Eufrat.Nebukadnesar tek Jerusalem

8Jojakin var atten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Nehusjta og var dotter til Elnatan frå Jerusalem.

11Sidan kom Nebukadnesar sjølv dit, medan mennene hans låg ikring byen.

12Då gav Jojakin, Juda-kongen, seg over til babylonarkongen saman med mor si og mennene, hovdingane og hoffmennene sine. Og babylonarkongen tok han til fange i det åttande styringsåret sitt.

14Han førte bort alt folket i Jerusalem, alle hovdingane og rikmennene – ein fangeflokk på ti tusen – og alle handverkarane og smedane. Berre dei lågaste laga av folket vart att.

15Jojakin førte han òg til Babylonia. Og mor til kongen og konene hans, hoffmennene og dei mektigaste mennene i landet vart tvinga til å fara frå Jerusalem til Babylonia. Juda-riket går under

Sidkia gjorde opprør mot babylonarkongen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help