1. Krønikebok 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Folket samlar seg om David

1Dette er dei som kom til David i Siklag, medan han endå laut halda seg unna Saul, son til Kisj. Dei høyrde til dei kjempene som hjelpte han i striden.

2Dei var væpna med boge, og både med høgre og venstre handa kunne dei kasta stein med slyngje og skyta piler av bogen. Dei var frendane til Saul, av Benjamins-ætta.

3Det var Akieser, hovdingen deira, Joasj, son til Sjema'a, frå Gibea, Jesiel og Pelet, sønene til Asmavet, Berekja og Jehu frå Anatot;

4Jisjmaja frå Gibeon, ein av dei tretti krigarane og hovding over dei tretti; Jeremia, Jahasiel, Johanan og Josabad frå Gedera;

5Elusai, Jerimot, Bealja, Sjemarja og Sjefatja frå Haruf;

6Elkana, Jisjia, Asarel, Joeser og Jasjobam av Korah-ætta;

7Joela og Sebadja, sønene til Jeroham, frå Gedor.

8Av Gads-sønene gjekk nokre over til David då han var i fjellborga i øydemarka, djerve krigarar, stridsvane kjemper, væpna med skjold og spyd. Dei såg ut som løver og var raske som gasellar på fjella.

9Den fyrste var Eser, den andre Obadja, den tredje Eliab,

10den fjerde Misjmanna, den femte Jeremia,

11den sjette Attai, den sjuande Eliel,

12den åttande Johanan, den niande Elsabad,

13den tiande Jeremia og den ellevte Makbannai.

14Desse høyrde Gads-sønene til og var hovdingar i hæren, den ringaste over hundre, den gjævaste over tusen.

15Det var dei som gjekk over Jordan i den fyrste månaden, då elva flødde over sine bredder, og dreiv alle som budde i dalen, på flukt, somme austover og somme vestover.

16Ein gong kom nokre av Benjamins- og Juda-sønene til David i fjellborga.

17David gjekk ut til dei, tok til ords og sa: «Kjem de til meg i fredeleg ærend og vil hjelpa meg, då er eg viljug til å gå saman med dykk. Men kjem de og vil svika meg og gje meg over til fiendane mine, endå eg ingen urett har gjort, så gjev våre fedrars Gud må sjå det og straffa dykk!» Sal 7,4ff

18Då kom Anden over Amasai, hovdingen for dei tretti, og han sa:

Dine er vi,

og med deg held vi lag, du Isaison.

Gjev det må gå deg vel,

og gjev det må gå dine hjelpesmenn vel!

For du får hjelp frå din Gud.

Så tok David imot dei og sette dei til hovdingar i flokken sin.

19Av Manasse-mennene var det òg nokre som gjekk over til David. Det var den gongen han saman med filistarane drog ut og skulle strida mot Saul. Likevel kom han ikkje til å hjelpa dei. For fyrstane deira vart samde om å senda han bort. «Det vil kosta oss livet,» sa dei, «om han går over til Saul, herren sin.» 1 Sam 29,4

20Då han så fór til Siklag, gjekk nokre av Manasse-mennene over til han. Det var Adna, Josabad, Jediael, Mikael, Josabad, Elihu og Silletai. Dei var hovdingar for dei hærflokkane som høyrde Manasse til.

21Dei hjelpte David mot ransmennene; for dei var djerve stridsmenn alle saman, og dei vart hovdingar i hæren. 1 Sam 30,1ff

22Dag etter dag kom det folk til David og ville hjelpa han. Til sist vart det ein stor, ja veldig hær.

23Dette er talet på dei våpenføre mennene som kom til David i Hebron og ville føra kongedømet over frå Saul til han, så som Herren hadde sagt: 2 Sam 5,1ff

24av Juda-sønene som bar skjold og spyd, 6 800 mann, væpna til strid;

25av Simeons-sønene 7 100 djerve stridsmenn;

26av Levi-sønene 4 600;

27og attåt dei Jojada, føraren for Arons-ætta, med 3 700 mann,

28og like eins Sadok, ein ung og djerv stridsmann, med den ætta han høyrde til, 22 hovdingar;

29av Benjamins-sønene, ættefrendane til Saul, 3 000 mann; til då hadde storparten av dei halde seg til Sauls hus;

30av Efraims-sønene 20 800 djerve krigarar, namngjetne menn i ættgreinene sine;

31av den eine halvparten av Manasse-ætta 18 000 mann som var oppnemnde til å fara av stad og gjera David til konge;

32av Jissakars-sønene, som skjøna seg på tidene, så dei visste kva Israel skulle gjera, 200 hovdingar og alle ættefrendane som lydde dei;

33av Sebulons-ætta 50 000 stridsføre menn, budde med alle slag våpen, ei fylking fast rådd på å hjelpa;

34av Naftali-ætta 1 000 hovdingar og med dei 37 000 mann som bar skjold og spyd;

35av Dans-sønene 28 600 stridsbudde menn;

36av Asjers-ætta 40 000 stridsføre og hærbudde menn;

37og frå hi sida av Jordan, av Rubens-sønene og Gads-sønene og den andre halvparten av Manasse-ætta 120 000 fullvæpna stridsmenn.

38Alle desse krigarane kom i ordna fylking og med fast vilje til Hebron og ville gjera David til konge over heile Israel. Og alle dei andre israelittane var òg samde om å gjera David til konge.

39Dei var der hjå David i tre dagar. Og dei åt og drakk; for landsmennene deira hadde stelt til gjestebod for dei.

40Og frå grannelaget, ja jamvel frå Jissakar, Sebulon og Naftali kom dei med mat på esel, kamelar, muldyr og oksar: mjøl, fikenkaker, rosinkaker, vin og olje og storfe og småfe i mengd. For no var gleda stor i Israel.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help