1Ein song til festferdene.
Då Herren vende Sions lagnad,
var det for oss som ein draum.
2Då fyltest vår munn med lått,
vår tunge med fagnadrop.
Då sa dei mellom folka:
«Store ting har Herren gjort mot desse.»
3Ja, store ting har Herren gjort mot oss,
og vi vart glade.
4Vend vår lagnad, Herre,
som bekkene i Negev!
5Dei som sår med tårer,
skal hausta med glederop.
6Gråtande går dei og sår sitt korn,
med fagnadrop skal dei koma og bera sine kornband.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.