Salmane 137 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Ved Babels elvar

1Ved Babels elvar, der sat vi og gret

når vi kom Sion i hug.

2På piletrea der i landet

lét vi våre harper hanga.

3Der bad dei oss syngja,

dei som heldt oss fanga;

dei som plaga oss, kravde glede:

«Syng for oss av Sions songar!»

4Korleis kan vi syngja Herrens song

på framand jord?

5Nei, gløymer eg deg, Jerusalem,

så lat mi høgre hand verta gløymd!

6Lat tunga hanga fast ved ganen

om eg ikkje minnest deg,

om eg ikkje set Jerusalem

høgare enn mi største glede!

7Herre, kom Jerusalems dag i hug,

og Edoms søner som sa: «Riv ned!

Ja, riv ned til grunnen!»

8Babels dotter, du som er herja,

sæl er den som gjev deg att

for det du har gjort mot oss!

9Sæl er den som tek dine småborn

og knuser dei mot berget!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help