Sakarja 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Horna og smedane

1Eg lyfte augo og fekk sjå fire horn.

2Då sa eg til engelen som tala med meg: «Kva tyder dette?» Han svara: «Det er dei horna som har spreitt Juda, Israel og Jerusalem.»

3Så lét Herren meg sjå fire smedar.

4Då spurde eg: «Kva er det desse smedane kjem og vil gjera?» Han svara: «Dei horna som spreidde Juda, gjorde det så at ingen kunne lyfta hovudet. Men no er desse komne og vil skræma dei. Til jorda skal dei slå horna på dei heidningfolka som lyfte horn mot Juda og spreidde folket.»

Mannen med mælesnora

5Så lyfte eg augo og fekk sjå ein mann som hadde ei mælesnor i handa.

6Då sa eg: «Kvar skal du av?» Han svara: «Eg skal mæla Jerusalem og sjå kor brei og kor lang byen skal vera.»

7Og sjå, engelen som tala med meg, steig fram, og ein annan engel gjekk til møtes med han

8og sa til han: Spring bort og sei til den unge mannen der:

Jerusalem skal liggja utan murar,

så mykje folk og buskap skal det vera der.

9Sjølv skal eg vera ein eldmur kring byen,

lyder ordet frå Herren,

og midt i han vil eg syna min herlegdom.

10Ve, ve! Røm frå landet i nord!

lyder ordet frå Herren.

Eg har spreitt dykk for heimsens fire vindar,

lyder ordet frå Herren.

11Ve deg, Sion, som bur hjå Babels dotter!

Berg deg unna!

12For så seier Herren, Allhærs Gud,

den herlege, som har sendt meg,

om dei folka som plyndra dykk:

Den som rører dykk,

rører ved min augnestein.

13For sjå, eg lyfter handa mot dei,

og dei vert til hærfang

for dei som no er trælane deira.

Då skal de sanna

at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg.

14Gled deg storleg, Sions dotter!

For sjå, eg kjem og tek bustad hjå deg,

lyder ordet frå Herren.

15Den dagen skal mange folkeslag

gje seg til Herren.

Dei skal verta mitt folk,

og eg vil bu hjå deg.

Då skal du sanna

at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til deg.

16Herren skal ta Juda i eige

som sin arvelut på heilag jord

og endå ein gong velja ut Jerusalem.

17Ver still for Herren, kvar levande skapning!

For han har teke ut frå sin heilage bustad.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help