1Himmelriket kan liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg om morgonen og ville leiga arbeidsfolk til vingarden sin.
2Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden.
3Så gjekk han ut ikring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget.
4Han sa til dei: Gå bort i vingarden, de òg! Så skal de få det som rett er.
5Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut ikring den sjette og niande timen og gjorde like eins.
6Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?
7Fordi ingen har leigt oss, svara dei. Då sa han: Gå bort i vingarden, de òg.
8Om kvelden sa vingardseigaren til hushaldaren sin: Rop inn arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei fyrste. Jesus talar tredje gongen om at han skal døy og stå opp att(Mark 10,32–34; Luk 18,31–34)
17Jesus drog no opp til Jerusalem. På vegen tok han dei tolv læresveinane til sides og sa:
18«Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast i hendene på overprestane og dei skriftlærde. Dei skal døma han til døden Jesus lækjer to blinde(Mark 10,46–52; Luk 18,35–43)
29Då dei tok ut frå Jeriko, fylgde det mykje folk med han. 9,27ff
30Attmed vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!» 15,22
31Folket skjente på dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»
32Då stogga Jesus, bad dei koma og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?»
33«Herre, lat oss få synet!» svara dei.
34Jesus tykte hjarteleg synd i dei og tok bortpå augo deira. Med ein gong kunne dei sjå, og dei fylgde han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.