1Så tok Jakob ut att og kom til det landet der austmennene budde.
2Då fekk han auga på ein brunn uti marka og tre saueflokkar som låg attmed han; for av den brunnen gav dei buskapen vatn. Men over brunnen låg det ein stor stein.
21Jakob sa til Laban: «Lat meg no få kona mi! For tida mi er ute, og eg vil flytta saman med henne.»
22Då bad Laban i hop alt folket der på staden og heldt gjestebod.
23Men om kvelden tok han Lea, dotter si, og leidde til Jakob; og han sov med henne.
24Laban lét henne få Silpa, trælkvinna si; ho skulle tena hjå Lea, dotter hans.
25Men då morgonen kom, sjå, då var det Lea! Jakob sa til Laban: «Kva er det du har gjort mot meg? Det var då for Rakel eg tente hjå deg. Kvifor har du svike meg?»
26Laban svara: «Det er ikkje skikk her hjå oss å gifta bort den yngste før den eldste.
27Lat bryllaupsveka hennar gå til ende, så skal eg gje deg den andre òg, dersom du vil tena hjå meg i sju år til!»
33Og ho vart med barn ein gong til og fekk ein son. Då sa ho: «Herren har høyrt at eg vart vanvørd, og no har han gjeve meg denne sonen òg.» Så kalla ho han Simeon.
34Sidan vart ho med barn att og fekk ein son. Då sa ho: «No må då mannen min halda seg til meg, sidan han har fått tre søner med meg.» Så kalla ho han Levi.
35Endå ein gong vart ho med barn og fekk ein son. Då sa ho: «No vil eg prisa Herren.» Difor kalla ho han Juda. Så fekk ho ikkje fleire born då.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.