Daniel 6 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Daniel i løvehola

1Medaren Dareios tok imot riket. Han var då 62 år gamal.

2Dareios fann for godt å setja 120 satrapar over riket. Dei skulle bu rundt ikring i heile riket.

3Over dei sette han tre riksrådar, og av dei var Daniel den eine. For dei skulle satrapane gjera rekneskap, så kongen ikkje skulle lida noko tap.

4Daniel merkte seg ut framfor dei andre riksrådane og satrapane, fordi det var ei makelaus ånd i han. Og kongen tenkte på å setja han over heile riket.

5Då prøvde riksrådane og satrapane å finna noko å klaga Daniel for i embetsførsla hans. Men dei kunne ikkje finna nokon grunn til å klaga på han eller noko gale å seia om han. For han var påliteleg, og dei fann korkje forsøming eller feil hjå han.

15Då kongen høyrde det, vart han ille til mote og tenkte på korleis han kunne berga Daniel. Heilt til solnedgang gjorde han det han kunne for å finna ein utveg til å fria han ut.

16Då kom desse mennene farande inn til kongen og sa til han: «Kom i hug, konge, at det er medisk og persisk lov at ikkje noko påbod som kongen har gjeve, og inga avgjerd som han har teke, kan endrast.»

17Så baud kongen at dei skulle henta Daniel og kasta han i løvehola. Kongen sa til Daniel: «Gjev din Gud, som du stendig dyrkar, må frelsa deg!»

18Dei henta ein stein og la han over opninga til hola. Kongen forsegla han med sitt eige segl og med seglet åt stormennene sine, så det ikkje skulle gjerast noko om att i det som hadde hendt med Daniel.

19Etter dette gjekk kongen heim til slottet sitt og fasta heile natta. Han lét inga av fylgjekonene sine koma inn til seg. Og han fekk ikkje sova.

20Tidleg om morgonen, då det tok til å dagast, stod kongen opp og skunda seg til løvehola.

21Då han kom bort til hola, ropa han full av otte på Daniel og sa til han: «Daniel, du tenar for den levande Gud, har din Gud, som du stendig dyrkar, kunna frelsa deg frå løvene?»

22Då svara Daniel: «Kongen leve evig!

23Min Gud sende engelen sin og lét att gapet på løvene, så dei ikkje har gjort meg noko vondt. For eg er funnen skuldfri for han; og mot deg, konge, har eg heller ikkje gjort noko gale.»

For han er den levande Gud,

han skal vera til evig tid.

Hans rike går ikkje til grunne,

hans velde tek aldri slutt.

28Han frelser og friar ut,

han gjer teikn og under

i himmelen og på jorda.

Det var han som frelste Daniel frå løvene.»

29Sidan gjekk det Daniel vel både medan Dareios og Kyros var kongar i Persia.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help