Habakkuk 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Dette er dei domsord som profeten Habakkuk fekk i synene sine.

Klage over urettferd

2Kor lenge, Herre, skal eg ropa

utan at du gjev meg svar,

klaga og skrika til deg om vald

utan at du frelser?

3Kvifor lèt du meg sjå urett

og vera vitne til ulukke?

Eg ser berre øyding og vald,

det kjem til strid og trette.

4Difor er lova maktlaus,

og retten vinn ikkje fram.

For gudlause kringset dei rettvise,

og dermed vert retten rengd. Guds straffedom ved kaldearane

5Gjev akt på folka, sjå dykk om,

mållause av undring!

For ei gjerning gjer eg i dykkar dagar

– de ville ikkje tru det om det vart fortalt!

6Sjå, eg vekkjer kaldearane,

det harde og framfuse folket,

som fer så vide ikring på jorda

og tek framande bustader i eige.

7Grufulle og skræmande er dei,

dei avgjer sjølve sin rett og si ære.

8Deira hestar er raskare enn leopardar,

snøggare spring dei enn steppeulvar.

Deira hestfolk kjem i strykande tan,

deira ridehestar frå land langt borte.

Som ørna på jakt etter føde

9kjem dei alle og vil gjera valdsverk.

Stridslystne går dei på,

dei samlar fangar som sand.

10Dei spottar kongar

og har hovdingar til lått.

Dei ler åt kvar festning,

kastar opp ein voll og tek henne.

11Så fer dei sin veg og vert borte som vinden.

Dei gjer sin eigen styrke til sin gud.

Kvifor har du tol med dei trulause?

12Er ikkje du frå gamal tid,

Herre, min heilage Gud, du som aldri døyr?

Du, Herre, har sett dei til å straffa,

du, vårt berg, har sendt dei til å tukta.

13Augo dine er for reine til å sjå på det vonde,

og ulukke orkar du ikkje å skoda.

Kvifor har du tol med dei trulause

og teier når gudlause sluker

dei som er rettferdigare enn dei sjølve?

14Du gjer med mennesket som med fisken i sjøen,

som med kreket utan herre.

15Dei dreg dei alle opp med krok,

og halar dei inn med not,

dei samlar dei i garnet.

Difor er dei jublande glade.

16Difor ofrar dei til nota

og brenner røykjelse for garnet.

For feit er fangsten som desse gjev dei,

og nærande er føda.

17Skal dei då alltid få tøma nota

og utan skånsel gjera ende på folkeslag?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help