1Du skal ikkje setja ut falske rykte. Gjer ikkje sams sak med ein gudlaus, så du sjølv vert eit urettferdig vitne!
4Når du finn ein okse eller eit esel som høyrer fienden din til, og som har vildra seg bort, skal du få dei attende til han.
9Du skal ikkje fara hardt fram mot ein innflyttar! For de veit korleis det kjennest å vera innflyttar; de var sjølve innflyttarar i Egypt.
10Seks år skal du så til jorda di og hausta det ho ber.
12Seks dagar skal du gjera arbeidet ditt. Men den sjuande dagen skal du kvila, så oksen din og eselet ditt kan ha ro og trælkvinnesonen og innflyttaren får kvila ut.
14Tre gonger om året skal du halda høgtid for meg. Påminning og lovnad
20Sjå, eg sender ein engel framføre deg! Han skal vakta deg på vegen og føra deg til den staden som eg har sett ut.
22Men høyrer du på det han seier, og gjer alt det eg byd deg, då skal eg vera ein fiende av dine fiendar og ein motstandar av dine motstandarar.
27Redsle for meg skal eg senda føre deg, og støkk skal eg setja i alle dei folka du kjem til; eg skal laga det så at alle fiendane dine rømer for deg.
32Du må ikkje gjera pakt med dei og gudane deira. 34,12.15; 5 Mos 7,2ff; Dom 2,2f
33Dei må ikkje verta buande i landet ditt, så dei får lokka deg til å synda mot meg. For dyrkar du gudane deira, vert det til ei snare for deg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.