Jesaja 13 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Babels undergang

1Domsord mot Babel, som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn:

2Reis samlingsmerket på snaue fjellet,

og rop til folket med høg røyst!

Veifta med handa at dei kan dra inn

gjennom portane åt dei gjæve menn!

3Eg har kalla inn mine vigsla menn,

har samla mine stolte, jublande stridsmenn,

som skal tena meg i min vreide.

4Høyr ståket bortover fjella

som av ein veldig hop!

Høyr larmen av kongerike,

av folkeslag som samlar seg!

Det er Herren, Allhærs Gud,

som mønstrar sin hær.

5Dei kjem frå eit land langt borte,

frå den ytste himmelrand,

Herren og dei folk han vil bruka

når han i sin harme

legg heile jorda i øyde.

6Set i med klagerop,

for Herrens dag er nær.

Han kjem med øydelegging

frå Den Allmektige.

7Difor sig alle hender,

kvart menneske misser motet.

8Dei vert gripne av redsle.

Ve og verk kjem over dei,

dei vrid seg som ei fødande kvinne.

Mållause stirer dei på kvarandre,

eldraude er dei i andletet.

9Sjå, full av gru er Herrens dag,

han kjem med harme og brennande vreide.

Han skal gjera jorda aud

og rydja ut syndarane der.

10For stjernene og stjernebileta på himmelen

lèt ikkje ljoset sitt skina.

Mørk er sola når ho renn,

og månen lyser ikkje.

11Eg vil straffa jorda for hennar vondskap

og dei gudlause for deira misgjerning.

Eg gjer ende på dei store og stolte

og bøyer hovmodige valdsmenn.

12Eg gjer folk meir sjeldne enn reint gull,

menneske meir sjeldne enn gull frå Ofir.

13Difor skjek eg himmelen,

og jorda skjelv så ho kjem av lage,

fordi Herren, Allhærs Gud, er harm

den dagen vreiden hans brenn.

14Liksom skræmde gasellar,

lik sauer som ingen samlar,

skal dei venda seg, kvar til sitt folk,

og røma, kvar til sitt land.

15Den som vert funnen, skal gjennomstingast,

og den som vert gripen, skal falla for sverd.

16Småborna deira skal knusast

beint framfor augo på dei;

husa deira skal plyndrast

og kvinnene takast med vald.

17Sjå, eg eggjar medarane mot dei,

eit folk som ikkje bryr seg om sølv

og ikkje trår etter gull.

18Med boge feller dei unge menn,

dei sparer ikkje fosteret i mors liv

og har ikkje medkjensle med born.

19Med Babel, krona mellom kongerike,

den stolte kaldear-prydnaden,

skal det gå som då Gud

la Sodoma og Gomorra i øyde.

20Aldri meir skal byen byggjast,

frå ætt til ætt skal ingen bu der.

Der skal ingen beduin slå opp sitt telt

og ingen gjætar la dyra kvila.

21Men ørkendyr skal liggja der

og husa fyllast av ugler.

Der skal strutsar halda til

og raggetroll hoppa ikring.

22Ville hundar skal yla i borgene

og sjakalar i vellyst-slotta.

No stundar byens time til,

han har ikkje mange dagar att.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help