1Sæl er den som er heil i si ferd
og fylgjer Herrens lov.
2Sæle er dei som held hans lovbod
og søkjer han av heile sitt hjarta,
3dei som ikkje gjer urett,
men ferdast på hans vegar.
4Du har gjeve dine føresegner
for at dei skal haldast nøye.
5Ja, gjev mine steg vart faste
så eg kunne halda dine føreskrifter!
6Eg skal aldri verta til skammar
når eg gjev akt på alle dine bod.
7Eg prisar deg av eit ærleg hjarta
når eg lærer å kjenna
dine rettferdige domar.
8Dine føreskrifter vil eg halda;
du må ikkje reint forlata meg!
9Korleis skal ein ungdom
halda sin stig rein?
Når han held seg til dine ord.
10Eg søkjer deg av heile mitt hjarta,
lat meg ikkje villast bort frå dine bod!
11I hjarta gøymer eg ditt ord,
så eg ikkje skal synda mot deg.
12Lova vere du, Herre!
Lær meg dine føreskrifter!
13Med mine lipper reknar eg opp
alle domane frå din munn.
14Når eg ferdast etter dine lovbod,
er eg glad som om eg hadde all rikdom.
15Eg vil grunda på dine føresegner
og tenkja på dine stigar.
16Dine føreskrifter er mi lyst,
eg gløymer ikkje dine ord.
17Gjer vel mot din tenar,
så eg kan leva og halda dine ord.
18Lat opp mine augo, så eg kan sjå
dei underfulle ting i di lov!
19Eg er ein gjest på jorda,
løyn ikkje dine bod for meg!
20Stendig fortærest mi sjel
av lengsle etter dine domar.
21Du har truga dei frekke og forbanna,
som fer vilt og bryt dine bod.
22Ta spott og vanvørdnad frå meg,
for eg held dine lovbod.
23Om hovdingar sit og samrår seg mot meg,
grundar din tenar på dine føreskrifter.
24Ja, dine lovbod er mi lyst,
det er dei som gjev meg råd.
25Eg ligg hjelpelaus i støvet.
Hald meg i live etter ditt ord!
26Eg fortalde om mine vegar,
og du svara meg.
Lær meg dine føreskrifter!
27Lat meg skjøna den veg dine føresegner viser!
Eg vil grunda på dine under.
28Eg græt og syrgjer sårt.
Reis meg opp etter dine ord!
29Hald meg borte frå lygnevegen,
og unn meg i nåde di lov!
30Truskapsvegen har eg valt,
dine domar har eg for auga.
31Eg held fast på dine lovbod.
Herre, lat meg ikkje verta til skammar!
32Eg vil springa den veg dine bod viser,
for du friar mitt hjarta frå angst.
33Herre, lær meg den veg dine føreskrifter viser,
så vil eg fylgja han heilt til slutt!
34Gjev meg vit, så eg fylgjer di lov
og held henne av heile mitt hjarta!
35Lat meg gå på den stig dine bod viser,
for han er til hugnad for meg.
36Bøy mitt hjarta til dine lovbod
og ikkje til ussel vinning!
37Vend mine augo frå svik,
hald meg i live på din veg!
38Stadfest ditt ord for din tenar,
så eg kan ha age for deg.
39Ta bort den vanære som eg er redd,
for dine domar er gode!
40Sjå, eg lengtar etter dine føresegner,
hald meg i live ved di rettferd!
41Herre, lat di miskunn og frelse
koma til meg etter ditt ord!
42Så kan eg svara dei som spottar meg,
for eg lit på ditt ord.
43Ta ikkje sanningsordet frå min munn,
for eg ventar på dine domar.
44Så vil eg alle dagar
stendig halda di lov.
45Lat meg ferdast i ope lende,
for eg spør etter dine føresegner!
46Eg vil tala for kongar om dine lovbod,
og eg skal ikkje verta til skammar.
47Eg har mi glede i dine bod,
dei held eg av.
48Eg lyfter mine hender
til dine bod, som eg elskar,
og eg grundar på dine føreskrifter.
49Kom i hug ditt ord til din tenar!
Du har då gjeve meg von.
50Det er mi trøyst i nauda,
at ditt ord held meg i live.
51Dei frekke spottar meg stendig,
men eg har ikkje bøygt av frå di lov.
52Eg kjem i hug dine domar frå gamal tid,
og då finn eg trøyst, Herre.
53Eg har vorte brennande harm
på dei vonde som sviktar di lov.
54Dine føreskrifter har vorte til songar for meg
i huset der eg bur som framand.
55Eg kjem i hug ditt namn om natta, Herre,
og held meg til di lov.
56Så har det vorte for meg
at eg fylgjer dine føresegner.
57Herren er min lut og del;
eg har sagt at eg vil halda dine ord.
58Eg bed deg av heile mitt hjarta:
Ver meg nådig etter ditt ord!
59Eg har grunda på mi ferd
og vendt meg til dine lovbod.
60Eg dryer ikkje, men skundar meg
med å halda dine bod.
61Snarene åt dei gudlause slyngjer seg om meg,
men eg har ikkje gløymt di lov.
62Midt på natta står eg opp og prisar deg
for dine rettferdige domar.
63Eg held meg til alle som ottast deg
og fylgjer dine føresegner.
64Jorda er full av di miskunn, Herre.
Lær meg dine føreskrifter!
65Herre, etter ditt ord
har du gjort vel mot din tenar.
66Gjev meg kunnskap og godt vit,
for eg trur på dine bod!
67Før eg vart audmykt, fór eg vilt,
men no held eg meg til ditt ord.
68God er du, og godt gjer du.
Lær meg dine føreskrifter!
69Dei frekke har sverta meg med lygn,
men eg held heilhuga dine føresegner.
70Deira hjarta er feitt og sløvt,
men eg har mi lyst i di lov.
71Det var godt for meg at eg vart audmykt,
så eg kunne læra dine føreskrifter.
72For meg er lova som du forkynner,
betre enn tusen stykke gull og sølv.
73Dine hender har skapt og forma meg.
Gjev meg skjøn, så eg lærer dine bod!
74Dei som ottast deg, skal sjå meg med glede,
for eg ventar på ditt ord.
75Herre, eg veit at dine domar er rette;
i truskap har du audmykt meg.
76Lat din godleik vera mi trøyst
etter ditt ord til din tenar!
77Lat meg møta di miskunn, så eg kan leva,
for di lov er mi lyst.
78Lat dei frekke verta til skammar,
dei som lyg på meg og gjer meg urett.
Eg grundar på dine føresegner.
79Lat dei venda seg til meg,
dei som ottast deg og kjenner dine lovbod.
80Lat meg fylgja dine føreskrifter av heile mitt hjarta,
så eg ikkje vert til skammar.
81Mi sjel brenn av lengsle etter di frelse,
og eg ventar på ditt ord.
82Mine augo lengtar etter ditt ord,
og eg spør: «Når vil du trøysta meg?»
83For eg har vorte som ein turr skinnsekk;
men dine føreskrifter gløymer eg ikkje.
84Kor lenge skal din tenar venta?
Når vil du døma dei som forfylgjer meg?
85Dei frekke som ikkje held di lov,
grev fallgraver for meg.
86Alle dine bod er pålitelege.
Hjelp meg mot dei som forfylgjer meg med lygn.
87Dei har mest gjort ende på meg her i landet,
men eg sviktar ikkje dine føresegner.
88Ver trufast og hald meg i live,
så vil eg fylgja dei lovbod du har gjeve.
89I all æve, Herre, varer ditt ord,
det står fast i himmelen.
90Din truskap varer frå ætt til ætt;
du har grunnlagt jorda, og ho står fast.
91Etter di ordning står ho framleis,
for alle ting må tena deg.
92Dersom ikkje di lov var mi lyst,
gjekk eg til grunne i mi naud.
93Aldri gløymer eg dine føresegner,
for ved dei har du halde meg i live.
94Frels meg, for eg høyrer deg til!
Eg spør etter dine føresegner.
95Dei gudlause ligg på lur
og vil gjera ende på meg.
Eg aktar på dine lovbod.
96Eg har sett at alt tek slutt,
kor fullkome det enn er,
men ditt bod har inga grense.
97Å, kor eg elskar di lov,
heile dagen er ho i mine tankar.
98Dine bod gjer meg visare enn mine fiendar,
for dei har eg alltid hjå meg.
99Eg har større skjøn enn alle mine lærarar,
for eg grundar på dine lovbod.
100Eg skjønar meir enn dei gamle,
for eg fylgjer dine føresegner.
101Eg held min fot frå kvar vond stig,
så eg kan ta vare på ditt ord.
102Eg har ikkje vike frå dine domar,
for du har lært meg opp.
103Å, dine ord er søte for min gane,
betre enn honning for min munn.
104Av dine føresegner får eg vit,
difor hatar eg alle falske stigar.
105Ditt ord er ei lykt for min fot
og eit ljos på min stig.
106Eg har svore – og det har eg halde –
å fylgja dine rettferdige domar.
107Djupt er eg nedbøygd, Herre;
hald meg i live etter ditt ord!
108Ta vel imot mitt songoffer, Herre,
og lær meg dine domar!
109Eg går støtt med livet i hendene,
men eg har aldri gløymt di lov.
110Dei gudlause set snarer for meg,
men eg vildrar meg ikkje bort frå dine føresegner.
111Dine lovbod er min eigedom for alltid,
ja, dei gleder mitt hjarta.
112Etter dine føreskrifter rettar eg meg,
og det vil eg alltid gjera til mi siste stund.
113Eg hatar vinglande menneske,
men di lov elskar eg.
114Du er mitt skjold og vern;
eg ventar på ditt ord.
115Vik frå meg, de som gjer vondt!
Eg vil halda min Guds bod.
116Hald meg oppe etter ditt ord,
så eg kan få leva.
Lat ikkje mi von verta til skammar!
117Stø meg, så eg kan verta frelst
og alltid ha dine føreskrifter for auga.
118Alle som vildrar seg bort frå dine føreskrifter,
viser du frå deg, for dei tenkjer på svik.
119Alle dei vonde i landet
tek du bort som slagg;
difor elskar eg dine lovbod.
120Min lekam skjelv av redsle for deg;
eg har age for dine domar.
121Eg har gjort rett og rettferd.
Gjev meg ikkje over til valdsmennene!
122Gå god for din tenar, så det går han vel.
Lat ikkje dei frekke få kua meg!
123Eg ser med lengsle etter di frelse
og etter ditt rettferdige ord.
124Far fram i truskap mot din tenar,
og lær meg dine føreskrifter!
125Eg er din tenar; gjev meg vit,
så eg kan skjøna dine lovbod!
126Det er tid for Herren til å gripa inn;
for dei har brote di lov.
127Eg elskar dine bod
meir enn gull, ja, fint gull.
128Difor rettar eg meg etter alle dine føresegner;
eg hatar alle falske stigar.
129Underfulle er dine lovbod,
difor tek eg vare på dei.
130Dine ord gjev ljos når dei opnar seg,
dei gjev den urøynde skjøn.
131Med lengsle opnar eg munnen,
for eg stundar etter dine bod.
132Vend deg til meg og ver meg nådig!
Det er rett mot dei som elskar ditt namn.
133Gjer mine steg faste ved ditt ord,
lat ingen urett få makt over meg!
134Fri meg frå menneskevald,
så vil eg halda dine føresegner!
135Lat ditt andlet lysa over din tenar,
og lær meg dine føreskrifter!
136Tårene strøymer frå augo mine,
fordi folket ikkje held di lov.
137Rettferdig er du, Herre,
og rettvise er dine domar.
138Du gav dine lovbod i rettferd
og i din store truskap.
139Eg forgår av brennhug,
fordi mine fiendar har gløymt dine ord.
140Skirt og reint er ditt ord,
din tenar elskar det.
141Liten og vanvørd er eg,
men dine føresegner gløymer eg ikkje.
142Di rettferd er ei evig rettferd,
og di lov er sanning.
143Naud og trengsle har råka meg,
men dine bod er mi lyst.
144Dine lovbod er alltid rette.
Gjev meg skjøn, så eg kan leva!
145Av heile mitt hjarta ropar eg, Herre.
Svar meg, så vil eg fylgja dine føreskrifter!
146Eg ropar til deg. Frels meg,
så vil eg halda dine lovbod!
147Før morgonen renn, ropar eg om hjelp;
eg ventar på dine ord.
148Eg ligg vaken i nattevaktene
og grundar på ditt ord.
149Herre, du som er trufast, høyr når eg ropar,
hald meg i live etter dine domar!
150No kjem dei som skamlaust forfylgjer meg,
dei som er langt borte frå di lov.
151Men, Herre, du er nær,
alle dine bod er sanning.
152Av dine lovbod har eg lenge skjøna
at du har fastsett dei for evig.
153Sjå mi naud og fri meg ut!
For eg har ikkje gløymt di lov.
154Før mi sak og løys meg ut,
hald meg i live etter ditt ord!
155Langt frå frelsa er dei gudlause,
for dei spør ikkje etter dine føreskrifter.
156Stor er di miskunn, Herre,
fell din dom og lat meg leva!
157Mange forfylgjer meg og står meg imot;
men eg vik ikkje frå dine lovbod.
158Eg ser med uvilje på dei trulause,
som ikkje gjev akt på ditt ord.
159Sjå, eg elskar dine føresegner!
Herre, du som er trufast, hald meg i live!
160Summen av dine ord er sanning,
evig er all din rettferdige dom.
161Om stormenn forfylgjer meg utan grunn,
så har eg age for ditt ord i mitt hjarta.
162Eg gleder meg over ditt ord,
lik ein som fører bort stort hærfang.
163Eg hatar og avskyr lygn,
og eg elskar di lov.
164Sju gonger om dagen prisar eg deg
for dine rettferdige domar.
165Dei som elskar di lov, har fred og lukke,
ingen ting får dei til å snåva.
166Eg set mi von til di frelse, Herre;
og dine bod har eg halde.
167I min hug tek eg vare på dine lovbod,
ja, eg elskar dei høgt.
168Dine bod og føresegner har eg halde,
du kjenner alle mine vegar.
169Lat mitt klagerop koma fram for deg, Herre,
gjev meg skjøn etter ditt ord!
170Lat mi inderlege bøn koma fram for deg,
berga meg etter ditt ord!
171Frå mine lipper skal lovsongen strøyma,
for du lærer meg dine føreskrifter.
172Eg skal syngja om dine ord,
for alle dine bod er rettferdige.
173Kom meg til hjelp med di hand!
For eg har valt dine føresegner.
174Eg lengtar etter di frelse, Herre,
di lov er mi lyst.
175Lat meg leva, så skal eg prisa deg,
lat meg få hjelp av dine domar!
176Eg har gått meg vill som ein bortkomen sau.
Leita etter meg, din tenar,
for eg har ikkje gløymt dine bod.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.