1Jesus gjekk atter inn i ei synagoge. Der var det ein mann som hadde ei lam hand.
2Og dei heldt auga med han om han ville lækja mannen på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for.
3Men han sa til mannen med den lame handa: «Reis deg og kom fram!»
4Så spurde han dei andre: «Kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller å gjera vondt, berga liv eller øyda liv?» Men dei tagde.Folket flokkar seg kring Jesus(Matt 4,23–25; Luk 6,17–19)
7Så drog Jesus med læresveinane sine ned til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea fylgde han.
8Og frå Judea og Jerusalem, frå Idumea og landet austanfor Jordan og frå bygdene kring Tyrus og Sidon kom dei til han i store flokkar; for dei hadde høyrt om alt han gjorde. Jesus kallar dei tolv apostlane(Matt 10,1–4; Luk 6,12–16)
13Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han.
14Han sette inn tolv som skulle vera med han, og som han ville senda ut. Dei skulle forkynna Jesu makt over dei vonde åndene(Matt 12,22–32; Luk 11,14–23)
20Med det same han kom heim, strøymde folk saman att, så Jesus og læresveinane ikkje eingong fekk tid til å eta.
30Dette sa han fordi dei hadde sagt: «Han har ei urein ånd i seg.»Jesu sanne skyldfolk(Matt 12,46–50; Luk 8,19–21)
31Då kom Jesu mor og brørne hans; dei vart ståande utanfor, men sende bod inn og bad han koma ut. 6,3
32Det sat ein stor flokk ikring han, og nokre sa til han: «Mor di og brørne dine står utanfor og spør etter deg.»
33Jesus svara: «Kven er mor mi og brørne mine?»
34Og han såg på dei som sat ikring han, og sa: «Sjå her er mor mi og brørne mine!
35Den som gjer det Gud vil, er bror min, syster mi og mor mi.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.