Johannes 13 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jesus vaskar føtene til læresveinane

1Det var straks før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Faderen. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.

2Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt skote det i hugen på Judas, son til Simon Iskariot, at han skulle svika han.

12Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, sette han seg til bords att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk?

13De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg.

Den som et mitt brød,

syner meg hælen.

19Eg seier dykk det no, før det hender, så de når det har hendt, skal tru at eg er Han.

21Då Jesus hadde sagt dette, vart han oppøst i hugen og sa sterkt og alvorleg: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg!» Eit nytt bod

31Då han hadde gått, sa Jesus: «No vart Menneskesonen herleggjord, og Gud vart herleggjord gjennom han.

32Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han, og han skal gjera det snart. Jesus talar om Peters fornekting(Matt 26,33–35; Mark 14,27–31; Luk 22,31–34)

36Simon Peter seier til han: «Herre, kvar går du av?» Jesus svara: «Dit eg går, kan du ikkje fylgja meg no; men du skal fylgja meg seinare.» 21,18f

37«Kvifor kan eg ikkje fylgja deg no, Herre?» seier Peter, «eg vil gje livet mitt for deg.»

38Jesus svara: «Du vil gje livet for meg? Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Hanen kjem ikkje til å gala før du har fornekta meg tre gonger.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help