1Likevel, brør, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Eg måtte tala som til menneske slik dei er av naturen, som til umogne kristne.
2Eg gav dykk mjølk og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno,
5Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til.
6Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.
10Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer.
Han fangar dei vise i deira eiga list,
20og ein annan stad:
Herren kjenner tankane åt dei vise
og veit at dei ingenting er.
21Difor må ingen rosa seg av menneske. For alt høyrer dykk til,
22anten det er Paulus, Apollos eller Kefas, anten det er verda, liv eller død, det som no er eller det som koma skal. Alt høyrer dykk til. Rom 8,38; 1 Kor 1,12
23Men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.