2. Mosebok 7 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herren vil fria Israel frå egyptarane

1Då sa Herren til Moses: «Sjå, eg lèt deg vera som Gud for farao, og Aron, bror din, skal vera profeten din.

2Du skal tala alt det eg seier deg, og Aron, bror din, skal leggja det fram for farao, så han lèt israelittane fara frå landet.

3Men eg vil gjera han hard i hugen, og mange teikn og under vil eg gjera i Egypt.

6Moses og Aron gjorde som Herren hadde sagt.

7Moses var åtti og Aron åttitre år gamal då dei tala med farao.

Underet med Arons stav

8Herren sa til Moses og Aron:

9«Når farao bed dykk gjera eit under, då skal du seia til Aron: Ta staven din og kast han ned framfor farao, så skal han verta til ein orm!» Plagene i Egypt

14Då sa Herren til Moses: «Farao er trassig. Han vil ikkje la folket fara.

15Gå til han i morgon tidleg når han kjem ned til Nilen, og stå på elvebakken, så han møter deg! Staven som vart omskapt til ein orm, skal du ha i handa.

16Og du skal seia til han: Herren, Hebrearguden, har sendt meg til deg og seier: Lat folket mitt fara, så dei kan halda gudsteneste i øydemarka! Men enno har du ikkje vilja lyda. 3,18+

17Så seier Herren: Av dette skal du skjøna at eg er Herren: Sjå, no slår eg på vatnet i Nilen med denne staven som eg har i handa, og så skal det verta til blod. 4,9

18Fisken i Nilen skal døy, og det skal lukta så vondt av elva at egyptarane ikkje orkar å drikka vatnet.»

19Og Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Ta staven og rett handa di ut over vatnet i Egypt, over elvane og kanalane og dammane, over kvar samling av vatn i landet, så skal det verta til blod. Og blod skal det vera i heile Egypt, både i trekjerald og steinkjerald.»

20Moses og Aron gjorde som Herren hadde sagt. Moses lyfte staven og slo på vatnet i Nilen, medan farao og mennene hans såg på. Då vart alt vatnet i elva til blod. Sal 78,44; 105,29

21Fisken i Nilen døydde, og det lukta så vondt av elva at egyptarane ikkje kunne drikka vatnet. Det var blod i heile Egypt.

22Men dei egyptiske spåmennene gjorde det same med kunstene sine. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Farao gjorde seg hard og ville ikkje høyra på dei. 1 Mos 41,8+

23Farao snudde seg og gjekk heim. Han brydde seg ikkje om dette heller.

24Men alle egyptarane grov rundt ikring Nilen etter vatn; for dei kunne ikkje drikka elvevatnet.

25Så gjekk det sju dagar etter at Herren hadde gjort vatnet i Nilen til blod.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help