1Så seier Herren:
Eg reiser ein øydande storm
mot Babylon og dei som bur i Leb-Kamai.
2Eg sender folk til å spreia babylonarane,
som når ein reinsar korn.
Dei skal leggja landet i øyde
når dei set på det frå alle kantar
den dagen ulukka kjem.
3Skyttaren skal ikkje spenna bogen
og ikkje briska seg i brynja.
Spar ikkje dei unge mennene i byen,
bannstøyt heile hæren der!
4Menn skal drepast og falla i Kaldea,
gjennombora ligg dei på gatene.
5Israel og Juda er ikkje som enkjer,
gløymde av sin Gud, Herren, Allhærs Gud,
endå landet deira er fullt av skuld
mot Israels Heilage.
6Røm frå Babylon, berga dykk alle!
Miss ikkje livet når byen får si straff.
Dette er ei hemne-tid for Herren;
han gjev dei att for det dei har gjort.
7Babel var eit gullstaup i Herrens hand
og gjorde heile verda drukken.
Folkeslaga drakk av vinen,
difor bar dei seg åt som galne.
8Brått er Babel fallen og knust.
Set i med klagerop over henne!
Henta balsam for hennar sår,
kanskje kan dei lækjast.
9«Vi prøvde å lækja Babel,
men det lét seg ikkje gjera.
Lat henne liggja, så vi kan fara,
kvar til sitt eige land.
For domen over henne når til himmelen,
radt opp til skyene rekk han.»
10Herren har synt at vi var skuldlause.
Kom, lat oss fortelja på Sion
kva Herren vår Gud har gjort.
11«Gjer pilene kvasse, fyll pilehusa!»
Herren har eggja medarkongen;
for han aktar å øydeleggja Babylon.
Det er Herrens hemn,
han vil hemna sitt tempel.
12Lyft fana mot Babylons murar,
gjer vakthaldet sterkare,
set ut vakter
og legg nokre i bakhald!
For Herren har tenkt ut ein plan
og set i verk det han har tala
mot folket i Babylon.
13Du som bur ved dei store elvane
og er så rik på skattar,
no er enden komen for deg,
din livstråd skal skjerast av.
14Herren, Allhærs Gud,
har svore ved seg sjølv:
Eg skal fylla deg med menneske,
tallause som ein grashoppesverm.
Dei skal setja i med jubelrop mot deg.
15Herren skapte jorda med si kraft,
han grunnla fastlandet i sin visdom
og spente ut himmelen med skjøn.
16Når han tornar, brusar vatnet i himmelen,
han lèt skyer stiga opp frå enden av jorda,
han lèt lyna blinka og regnet falla
og sender vinden frå hans opplagsrom.
17Alle menneske er dumme og uvituge.
Kvar gullsmed må skjemmast av sine gudebilete,
dei støypte bileta hans er lygn,
det er ikkje ånd i dei.
18Gagnlause er dei, eit verk til å spotta,
i rekneskapsstunda er det ute med dei.
19Såleis er ikkje han som er Jakobs del,
for det er han som skaper alt.
Israel er hans eiga ætt,
Herren, Allhærs Gud, er hans namn.
Herrens hamar20Du er min hamar, mitt stridsvåpen.
Med deg knuser eg folkeslag,
øyder eg kongerike.
21Med deg knuser eg hest og ryttar,
knuser eg vogn og køyrekar.
22Med deg knuser eg mann og kvinne,
knuser eg gamal og ung,
knuser eg gut og jente.
23Med deg knuser eg gjætar og buskap,
knuser eg bonden og oksane hans,
knuser eg statthaldarar og styresmenn.
24Men Babylon og alle som bur i Kaldea,
gjev eg att, beint framfor augo dykkar,
for alt det vonde dei gjorde mot Sion,
lyder ordet frå Herren.
25Eg kjem mot deg, du Tyningsfjell,
som øydelegg heile jorda, seier Herren.
Eg retter ut handa mot deg,
velter deg ned frå fjellknausane
og gjer deg til eit utbrent berg.
26Dei skal ikkje ta ein stein ifrå deg
til hjørnestein eller grunnmur.
Ei evig audn skal du verta,
lyder ordet frå Herren. Striden mot babylonarane
27Lyft ei fane på jorda,
blås i horn mellom folka,
vigsla folkeslaga til strid mot Babylonia!
Kall saman kongerike mot landet,
Ararat, Minni og Asjkenas.
Set ein hærførar over dei!
Før fram hestar som bustete grashopper!
28Vigsla folkeslaga til strid mot Babylonia,
kongen og statthaldarane i Media,
alle styresmennene der
og heile det landet kongen rår over.
29Jorda dirrar og skjelv,
for no set Herren i verk
dei planar han har mot Babylonia:
å gjera landet til ei øydemark
der ingen kan bu.
30Krigarane i Babylon har gjeve opp striden,
dei sit i ro i borgene.
Deira kraft er borte,
dei har vorte som kvinner.
Det er sett eld på bustadene i byen,
og bommane er brotne.
31Den eine lauparen renner mot den andre,
eitt sendebod møter eit anna
når dei skal gje babylonarkongen melding
om at byen er teken frå alle kantar,
32at vadestadene er tekne
og bolverka brende
og stridsmennene gripne av redsle.
33Ja, så seier Herren,
Allhærs Gud, Israels Gud:
No liknar Babels dotter
ein treskjevoll som er trakka hard.
Det er berre ei lita stund,
så kjem hausten for henne.
Herrens hemn34Nebukadnesar, kongen i Babylonia,
har ete meg opp og soge meg ut
og sett meg bort som eit tomt kjerald.
Han slukte meg som eit sjøbeist,
fylte sin buk med mitt beste kjøt
og slengde meg sidan bort.
35Lat den urett og skade eg har lide,
koma over babylonarane!
seier dei som bur i Sion.
Lat dei som bur i Kaldea,
få bøta for mitt liv!
seier folket i Jerusalem.
36Difor seier Herren:
Sjå, eg fører di sak
og fullfører hemnen for deg.
Eg legg elva i Babylonia turr
og turkar ut hennar kjelder.
37Babylon skal verta ei steinrøys,
ein tilhaldsstad for sjakalar,
ein stad til skræmsle og spott,
der ingen kan bu.
38Dei brøler alle som unge løver
og knurrar som løveungar.
39Når dei brenn av lyst,
steller eg til eit drikkelag for dei.
Eg gjer dei så drukne at dei sovnar;
dei fell i ein evig svevn,
som dei ikkje skal vakna or,
lyder ordet frå Herren.
40Eg fører dei til slakting som lam,
som verar og bukkar.
41Å, at Sjesjak er slegen og teken,
byen som var lovprist på heile jorda!
Å, at Babylon har vorte
ei skræmsle mellom folkeslaga!
42Havet har stige opp over Babylonia,
og gøymt landet med sine brusande bylgjer.
43Byane der har vorte ei audn,
eit turt og livlaust land.
I dei held ingen til,
ikkje eit menneske ferdast der.
44Eg heimsøkjer Bel i Babylon;
det som han har slukt,
dreg eg ut or munnen hans.
Folkeslag skal ikkje lenger
koma strøymande til han.
Muren kring Babylon er òg fallen.
45Mitt folk, far ut or byen!
Kvar og ein må berga livet
for Herrens brennande vreide.
46Miss ikkje motet, og ver ikkje redde
når rykte breier seg i landet,
når det kjem éi tidend det eine året
og ei anna året etter,
når det rår vald og urett på jorda,
og herskar reiser seg mot herskar.
47Sjå, difor skal dagar koma
då eg heimsøkjer gudebileta i Babylonia,
så heile landet vert til skammar,
og alle mennene vert drepne og fell.
48Himmel og jord og alt som i dei er,
skal triumfera over Babylon,
når folk frå nord dreg fram mot byen
og herjar han,
lyder ordet frå Herren.
49Babylon må falla
til hemn for dei drepne i Israel,
liksom folk over heile jorda
vart drepne og fall for Babylon skuld.
50De som slapp unna sverdet,
far av stad, stans ikkje her!
Kom Herren i hug i landet langt borte,
og ha omtanke for Jerusalem!
51«Vi skjemmest, for vi fekk høyra spottord,
andletet vårt er raudt av skam;
for framande har trengt inn
i heilagdomen, Herrens hus.»
52Difor skal dagar koma, seier Herren,
då eg heimsøkjer gudebileta i Babylonia;
i heile landet skal såra menner stynja.
53Om Babel stig opp til himmelen
og gjer si høgborg utilgjengeleg,
skal eg senda folk som herjar henne,
lyder ordet frå Herren.
54Høyr skriket som lyder frå Babylonia,
eit veldig brak frå Kaldearlandet.
55Det er Herren som øydelegg Babylonia
og gjer ende på alt ståket i landet.
Bylgjer brusar som ein mektig flaum,
det høyrest dur og drøn frå dei.
56For mot Babylonia kjem det
ein fiende som herjar;
krigarane der vert tekne til fange
og bogane deira brotne.
For Herren er ein Gud som gjev attergjeld,
i fullt mål gjev han att.
57Eg gjer deira hovdingar og vismenn drukne,
deira statthaldarar, styresmenn og krigarar med.
Dei skal falla i ein evig svevn,
som dei ikkje vaknar or, seier Kongen
– Herren, Allhærs Gud, er hans namn.
58Så seier Herren, Allhærs Gud:
Dei tjukke murane kring Babylon
skal rivast til grunnen
og dei høge portane brennast.
Så har folka ingenting att for sitt strev,
det ætter har stridt med, går opp i logar. Jeremias bodskap til Babylon
59Dette er det påbodet profeten Jeremia gav Seraja, son til Neria Maksejason, då han fór til Babylonia saman med Juda-kongen Sidkia, i det fjerde året han var konge. Det var Seraja som sytte for herberge.
60Jeremia hadde skrive opp i ei bok all den ulukka som skulle koma over Babylon. Det er alle dei orda som her er skrivne om byen.
61Jeremia sa til Seraja: Når du kjem til Babylon, skal du syta for å lesa opp alt dette.
62Du skal seia: «Herre, du har tala mot denne staden og truga med å øydeleggja han, så ingen kan bu der, korkje folk eller fe. Han skal verta ei audn for alltid.»
63Når du så er ferdig med å lesa opp denne boka, skal du binda ein stein til henne, kasta henne ut i Eufrat Op 18,21
64og seia: «Såleis skal Babylon søkka og aldri koma opp att.» For eg sender ulukke over byen.
Her endar orda åt Jeremia.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.