1. Mosebok 50 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Då kasta Josef seg ned over andletet åt far sin, gret og kyste han.

11Då kanaanearane som budde i landet, såg korleis dei syrgde og klaga i Goren-Ha'atad, sa dei: «Det er ei verdig syrgjehøgtid egyptarane held her.» Difor kalla dei staden Abel-Misrajim. Han ligg på hi sida av Jordan.

12Sønene gjorde med Jakob som han hadde sagt dei føre.

13Dei førte han til Kanaan og gravla han i hola på Makpela-jordet, austanfor Mamre, det jordstykket som Abraham hadde kjøpt av hetitten Efron til eigande gravstad.

24Josef sa ti brørne sine: «No skal eg døy. Men Gud vil ta seg av dykk og føra dykk ut or dette landet til det landet han lova Abraham, Isak og Jacob.» Hebr 11,22

25Så tok Josef ein eid av Israels-sønene og sa: «Når Gud tek seg av dykk, då skal de føra beina mine med herifrå.» 2 Mos 13,19; Jos 24,32

26Og Josef døydde 110 år gamal. Dei balsamerte han og la han i kiste i Egypt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help