Salmane 121 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herren er din vaktar

1Ein song til festferdene.

Eg lyfter mine augo til fjella:

Kvar kjem mi hjelp ifrå?

2Mi hjelp kjem frå Herren,

han som skapte himmel og jord.

3Han lèt ikkje foten din vera ustø,

din vaktar blundar ikkje.

4Nei, han blundar ikkje og søv ikkje,

Israels vaktar.

5Herren er din vaktar, Herren er din skugge,

han er ved di høgre hand.

6Sola skal ikkje stikka deg om dagen

og månen ikkje skada deg om natta.

7Herren skal vara deg frå alt vondt

og verna om ditt liv.

8Herren skal vara din utgang og din inngang

frå no og til evig tid.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help