1Til korleiaren. Med strengespel.
Etter «Den åttande». Ein Davids- salme.
2Herre, refs meg ikkje i din vreide,
og tukt meg ikkje i din harme!
3Ver meg nådig, Herre, for eg er kraftlaus.
Læk meg, Herre, eg er djupt forfærd.
4Mi sjel er gripen av redsle.
Kor lenge, Herre?
5Herre, vend deg hit og fri meg ut,
frels meg i di miskunn!
6For ingen av dei døde kjem deg i hug.
Kven prisar vel deg i dødsriket?
7Eg er trøytt av å sukka,
med tårer væter eg mi lege,
eg græt kvar natt, så senga er våt.
8Mitt auga er sløvt av bitter sorg
og dimt av all den motstand eg møter.
9Vik frå meg, alle ugjerningsmenn,
for Herren har høyrt min gråt.
10Herren høyrde då eg trygla og bad,
han har teke imot mi bøn.
11Alle mine fiendar skal verta til skammar.
Dei skal gripast av redsle
og brått snu om med skam.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.