1Til korleiaren. Ein Davids-salme.
Ein song.
2Gud reiser seg, og hans fiendar vert spreidde;
dei som hatar han, rømer for hans åsyn.
3Du driv dei bort som røyk.
Dei gudlause går til grunne for Guds åsyn,
lik voks som brånar for elden.
4Men dei rettferdige gleder seg,
dei jublar for Gud med fryd og glede.
5Syng for Gud, og pris hans namn!
Ryd veg for han
som fer fram gjennom øydemarkene.
Herren er hans namn – jubla for han!
6Ein far for farlause, ein forsvarar for enkjer
er Gud i sin heilage bustad.
7Gud lèt einsame finna ein heim,
han fører ut fangar til lukke og trivsel,
men opprørarar må bu i eit audt og avsvidt land.
8Då du drog ut framfor folket ditt, Gud,
og skreid fram gjennom øydemarka,
9då riste jorda, og himmelen draup
for Gud på Sinai,
for Herren, Israels Gud.
10Du lét regnet strøyma, Gud,
ditt arveland som var turka ut,
gav du atter liv.
11Der fekk di ætt slå seg ned;
i din godleik, Gud,
sytte du for dei hjelpelause.
12Herren sender eit ord,
og stor er skaren av kvinner
som kjem med gledebod:
13«Kongar over hærar flyr! Dei flyr!
Kvinnene heime deler hærfang.
14Skal de verta sitjande mellom kløvkorgene?
Dua har sølv på vengene sine,
og på vengefjørene gulgrønt gull.
15Då Den Allmektige spreidde kongane,
snøa det på Salmon-fjellet.»
16Eit gudefjell er Basan-fjellet,
Basan-fjellet med dei mange tindar.
17Fjelltoppar, kvifor ser de skeivt
til fjellet som Gud har valt seg til bustad,
der Herren vil bu til evig tid?
18Guds vogner er ti tusen gonger tusen,
i heilagdom kom Herren frå Sinai.
19Du steig opp til høgda.
Fangar førte du med deg,
og gåver tok du mellom menneska,
ja, jamvel mellom opprørarar.
Der ville du bu, Herre Gud.
20Lova vere Herren frå dag til dag!
Gud ber oss, han er vår frelse. Sela
21Gud er for oss ein Gud som frelser,
hjå Herren vår Gud er det utveg frå døden.
22Ja, han knuser hovudet på sine fiendar
og skallen på dei som lever i synd.
23Herren seier: «Eg hentar dei frå Basan,
eg fører dei tilbake frå havsens djup.
24Då kan du vaska føtene i blod,
og hundane dine skal få
sin del av fiendane.»
25Folk har sett ditt festtog, Gud,
festtoget åt min Gud og konge
opp til heilagdomen.
26Songarar går føre,
sidan kjem harpespelarar
og i midten jenter som slår på tromme.
27Lovpris Herren Gud i kor,
de som er av Israels kjelde!
28Der er Benjamin, den yngste,
som er herre over dei andre,
Judas hovdingar i flokk
og hovdingane i Sebulon og Naftali.
29Set inn din styrke, Gud,
den makt som du, Gud,
har vist mot oss,
30frå ditt tempel i Jerusalem,
der kongar kjem med gåver til deg.
31Rett ditt trugsmål mot dyret i sevet,
mot flokken av dei mektige,
mot herrane over folka.
Trakka ned dei som trår etter sølv,
og sprei dei folk som er huga på strid!
32Dei kjem med bronsevarer frå Egypt;
folket i Nubia skundar seg
og retter hendene ut til Gud.
33De kongerike på jord, syng for Gud,
syng og spel for Herren, Sela
34han som fer fram over himmelen,
den eldgamle himmel.
Høyr, han lyfter si røyst, ei veldig røyst!
35Lat Gud få makt!
Han har velde over Israel,
hans makt når heilt til skyene.
36Ageleg er Gud i sin heilagdom.
Israels Gud, han gjev folket kraft og styrke.
Lova vere Gud!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.