1Av David.
Herre, hjelp meg til min rett!
For eg har vore heil i mi ferd.
Eg lit på Herren og er ikkje ustø.
2Prøv meg, Herre, gransk meg nøye,
prøv hjarta og nyrer som med eld!
3Eg har hatt din truskap for auga
og har ferdast i di sanning.
4Eg sit ikkje saman med svikarar
og held ikkje lag med falske folk.
5Eg hatar samvære med ugjerningsmenn,
hjå gudlause sit eg ikkje.
6Eg vaskar mine hender i uskyld.
Eg går ikring ditt altar, Herre,
7medan eg lèt takkesongen lyda
og fortel om alle dine under.
8Herre, eg elskar huset du bur i,
staden der din herlegdom held til.
9Riv meg ikkje bort med syndarar,
så eg misser livet saman med drapsmenn.
10Deira hender er sulka av udåd,
deira høgre hand er full av muter.
11Men eg har vore heil i mi ferd.
Fri meg ut og ver meg nådig!
12No står eg med foten på jamn grunn.
I samlingane vil eg prisa Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.