1Til korleiaren.
Av David, Herrens tenar.
2Synda kviskrar sine ord
til den gudlause, djupt i hans hjarta.
Age for Gud veit han ikkje av.
3Når han ser på seg sjølv, vert han smigra;
han finn inga synd å hata.
4Dei ord han talar, er lygn og svik.
Han har halde opp med å gjera godt
og bera seg visleg åt.
5Han ligg og tenkjer ut vondskap.
Han slår inn på ein veg som ikkje er god,
og viser ikkje det vonde frå seg.
6Herre, til himmelen når di miskunn,
til skyene rekk din truskap.
7Di rettferd er som mektige fjell,
som det store havdjup er dine domar.
Du bergar menneske og dyr.
8Herre, kor dyrverdig di miskunn er!
I skuggen av dine venger, Gud,
søkjer menneskeborna livd.
9Dei får eta seg mette av det beste i ditt hus,
du lèt dei drikka or gledebekken din.
10For hjå deg er livsens kjelde,
i ditt ljos ser vi ljos.
11Lat di miskunn vara
for dei som kjenner deg,
og di rettferd for dei ærlege av hjarta.
12Lat ikkje dei stolte trø meg ned,
dei gudlause jaga meg bort!
13Så skal ugjerningsmennene falla;
dei skal støytast ned
og ikkje reisa seg meir.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.