1Då pinsedagen kom, var dei alle samla.
5I Jerusalem budde det mange jødar, fromme menn som var komne frå alle land på jorda.
6Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor mengd, og dei vart heilt rådville; for kvar høyrde at dei tala på hans eige mål.
7Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar?
18Jamvel over trælane og trælkvinnene mine
vil eg renna ut min Ande i dei dagar,
og dei skal tala profetisk.
19Eg lèt teikn syna seg oppe på himmelen
og teikn nede på jorda:
blod og eld og røykskyer.
20Sola skal mørkjast
og månen verta som blod,
før Herrens dag kjem, den store og strålande.
21Og kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
22Høyr desse ord, de israelittar! Jesus frå Nasaret var ein mann som Gud peika ut for dykk med mektige gjerningar og under og teikn, som Gud lét han gjera mellom dykk, og som de kjenner til.
Alltid hadde eg augo vende mot Herren,
for han er ved mi høgre side,
så eg ikkje skal rikkast.
26Difor var det glede i mitt hjarta
og jubel på mi tunge,
ja, jamvel lekamen skal bu med von.
27 For du skal ikkje la mi sjel
verta verande i dødsriket
og ikkje la din Heilage gå til grunne.
28Du har lært meg livsens vegar,
og du skal fylla meg med glede for ditt åsyn.
29Brør, lat meg tala ope og endefram til dykk om David, ættefaren vår. Han døydde og vart gravlagd, og grava hans er hjå oss den dag i dag.
Herren sa til min herre:
Set deg ved mi høgre hand
35til eg får lagt dine fiendar
til skammel for dine føter!
36Så skal heile Israels-folket vita for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort både til Herre og Messias.
37Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: «Kva skal vi gjera, brør?»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.