1Den fyrste pakta hadde òg sine føreskrifter om gudsteneste, og ho hadde ein jordisk heilagdom.
2Det var reist eit telt, og i dette fremste teltet, som vert kalla Det heilage, var ljosestaken og bordet og skodebrøda.
6På denne måten var alt tilskipa. Det fremste teltet går prestane støtt inn i når dei skal gjera si teneste. Kristus som øvsteprest
11Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til.
15Så er då Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde, og det vart til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova.
17Det tek fyrst til å gjelda når han døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever.
18Difor vart heller ikkje den fyrste pakta innvigd utan blod.
19For då Moses hadde kunngjort for alt folket alle boda i lova, tok han blodet av kalvane og bukkane saman med vatn, skarlaksraud ull og isop og skvette blodet både på bokrullen og på alt folket
23Så må då dei jordiske bileta av det som er i himmelen, reinsast på denne måten. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.