1Ein song til festferdene. Av Salomo.
Dersom Herren ikkje byggjer huset,
arbeider bygningsmennene til fånyttes.
Dersom Herren ikkje vaktar byen,
vaker vaktmannen til fånyttes.
2Fåfengt står de tidleg opp,
fåfengt går de seint til bords
og et det brødet de har slite for.
Det same gjev han sine vener medan dei søv.
3Sjå, born er ei gåve frå Herren,
livsfrukt er ei løn frå han.
4Som piler i ei krigarhand
er søner ein får i sin ungdom.
5Sæl er den mann
som fyller pilehuset sitt med dei.
Han treng ikkje skjemmast
når han talar mot fiendar på tinget.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.