Daniel 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Daniel og venene hans hjå babylonarkongen

1I det tredje året Jojakim var konge i Juda, kom Nebukadnesar, kongen i Babylonia, til Jerusalem og kringsette byen.

3Kongen sa til Aspenas, øvste hoffmannen sin, at han skulle ta med seg nokre israelittar, både av kongsætt og av adelsætt,

8Men Daniel sette seg føre at han ikkje ville gjera seg urein med maten og vinen frå kongens bord. Han bad den øvste hoffmannen om å sleppa å gjera seg urein.

9Og Gud laga det så at den øvste hoffmannen fekk velvilje og godhug for Daniel.

18Då den tida kongen hadde fastsett, var ute, og dei skulle førast fram for han, førte den øvste hoffmannen dei fram for Nebukadnesar.

19Kongen tala med dei, og det fanst ingen mellom dei unge gutane som kunne mæla seg med Daniel, Hananja, Misjael og Asarja. Så fekk dei då gjera teneste hjå kongen.

20Og støtt når kongen spurde dei til råds i saker som kravde visdom og vit, fann han at dei var ti gonger så vise som alle spåmenn og åndemanarar i riket.

21Daniel vart verande der til fyrste styringsåret åt kong Kyros.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help