Johannes 21 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jesus syner seg for læresveinane ved Tiberias-sjøen

1Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberias-sjøen, og gjekk såleis til:

2Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var i lag der.

3Simon Peter seier til dei andre: «Eg vil av og fiska.» «Vi går med, vi òg,» sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten; men den natta fekk dei ikkje noko.

4Då det tok til å dagast, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han.

14Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.Jesus og Peter

15Då dei hadde halde måltid, sa Jesus til Simon Peter: «Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre,» svara han, «du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Fød lamma mine!»

16Og han seier til han andre gongen: «Simon Johannesson, elskar du meg?» «Ja, Herre,» svara Peter, «du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Gjæt sauene mine!»

25Det er òg mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast opp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verda kunne røma dei bøkene som då måtte skrivast.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help