1Då kong Hiskia høyrde det, reiv han sund kleda sine, tok på seg botsdrakt og gjekk inn i Herrens hus.
13Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i Sefarvajim-byen og kongane i Hena og Ivva?»
14Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene kom med, gjekk han opp i templet og breidde det ut for Herrens åsyn.
15Hiskia bad til Herren og sa: «Herre, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda.
27Om du sit eller står,
om du kjem eller går,
så kjenner eg til det.
Når du rasar mot meg, veit eg om det.
28Men fordi du rasar mot meg,
og eg har høyrt kor sorglaus du er,
set eg ring i nasen din
og legg beisel i munnen din.
Så fører eg deg attende
den vegen du kom.
29Dette skal du ha til teikn:
I år må de eta det som gror av spillkorn,
og til års korn som har sått seg sjølv.
Men tredje året skal de så og hausta,
planta vingardar og eta frukta.
30Den resten av Juda som vert berga,
skal atter skyta djupe røter,
og greinene skal bera frukt.
31For frå Jerusalem kjem det ein rest,
frå Sion-fjellet ein flokk som er berga.
I sin brennhug skal Herren gjera dette.
32Ja, så seier Herren om assyrarkongen:
Han skal ikkje koma inn i denne byen
og ikkje skyta ei pil dit inn.
Han skal ikkje gå imot han med skjold
og ikkje kasta opp ein voll imot han.
33Den vegen han kom, skal han fara attende;
i denne byen skal han ikkje koma inn,
lyder ordet frå Herren.
34Eg vil verna byen og berga han
for mi eiga og for min tenar Davids skuld.
35Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185 000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.