1Herren sa til Aron: Du og sønene dine og heile farsætta di skal bera ansvaret for synder mot heilagdomen. Og du skal saman med sønene dine bera ansvaret for synder mot prestetenesta.
6Det er eg som tek ut brørne dykkar, levittane, mellom israelittane og gjev dei til dykk som ei gåve. Dei er vigde til Herren og skal arbeida i møteteltet.
8Herren tala atter til Aron og sa: Eg lèt deg ta vare på dei gåvene eg får. Alle dei heilage gåvene frå israelittane gjev eg deg og sønene dine; det skal vera din del og deira rett i all framtid.
9Av alle dei høgheilage offera skal dette høyra deg til: Av alt det som dei ber fram, av alle grødeoffera, syndoffera og skuldoffera, alle dei høgheilage offera, skal du og sønene dine ha det som ikkje vert brent.
10Du skal eta dei som høgheilage gåver. Berre menn kan eta dei; heilage skal dei vera for deg.
12Alt det beste av olje og druesaft og korn, fyrstegrøda som dei ofrar til Herren, gjev eg deg.
13Dei fyrste fruktene av alt det som veks i landet, og som dei kjem til Herren med, skal vera dine. Alle i huset ditt som er reine, kan eta dei.
14Alt som er bannlyst i Israel, skal du òg ha.
20Herren sa til Aron: Når landet vert utskift, får du inga jordeign til liks med dei andre. Eg skal vera din arv og del mellom israelittane.
25Herren tala til Moses og sa:
26Du skal seia til levittane: Når de tek imot tiend frå israelittane, den delen som eg lèt dykk få frå dei, då skal de ta ein tiandepart av tienda og gje i heilag gåve til Herren.
27Denne gåva skal reknast for jamgod med kornet frå treskjevollen og vinen frå vinpressa. 2 Mos 22,29
28På den måten skal de òg gje Herren ei heilag gåve av all tienda de får frå israelittane. Og den delen av tienda som Herren skal ha, skal de gje til Aron, presten.
29Av alle gåvene de får, må de gje Herren det han skal ha. Den beste delen av dei skal de via til han.
30Du skal seia til dei: Når de har gjeve det beste til Herren, kan de levittar sjå på resten som de ser på det som kjem frå treskjevoll og vinpresse. 18,27
31De kan eta det kvar de vil, både de og huslydane dykkar. Det er den løn de skal ha for tenesta ved møteteltet. Matt 10,10; 1 Kor 9,13
32Når de berre gjev Herren det beste, fører de ikkje synd over dykk. Då vanhelgar de ikkje dei heilage gåvene frå israelittane, og de skal ikkje døy.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.