1Visdomsmøya har bygt seg hus
og hogge til sine sju søyler.
2Ho har slakta fe,
blanda vin og duka bordet.
3Ho har sendt ut sine jenter
og ropar oppe frå byens høgder:
4«Hit kan den urøynde venda seg.»
Og til den tankelause seier ho:
5«Kom og et av min mat
og drikk av den vin eg har blanda.
6Lat tankeløysa fara, så skal de leva,
gå fram på den vegen vitet viser!»
7Den som åtvarar ein spottar, får skam,
den som refser ein gudlaus, lid skade.
8Refs ikkje spottaren, for då vil han hata deg,
refs heller den vise, så elskar han deg.
9Lær den vise, så vert han visare,
lær den rettferdige, så aukar han sin kunnskap.
10Age for Herren er opphav til visdom,
å kjenna Den Heilage er vit.
11Mange dagar vil eg gje deg,
og leveår får du i rikt mål.
12Er du vis, så gagnar det deg;
spottar du, må du lida for det sjølv.
13Dårskapen er ei vinglande kvinne,
lauslyndt og vitlaus er ho.
14Ho sit utfor husdøra si,
på ein stol høgt oppe i byen.
15Ho ropar til dei som ferdast på vegen,
som går sine stigar beint fram:
16«Hit kan den urøynde venda seg.»
Og til den tankelause seier ho:
17«Stole vatn smakar godt,
og herleg er maten ein et i løynd.»
18Men han skjønar ikkje at der held daudingar til,
at dei som gjestar henne, går til helheims djup.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.