Amos 9 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Ingen skal sleppa Guds straff

1Eg såg Herren stå attmed altaret.

Han sa: Slå til søylehovuda,

så dørstokkane skjelv,

og knus dei,

så dei fell i hovudet på dei alle!

Resten vil eg drepa med sverd.

Ingen av dei skal kunna røma,

ingen av dei skal sleppa unna.

2Om dei bryt seg inn i dødsriket,

skal mi hand henta dei der,

og fer dei opp til himmelen,

skal eg støyta dei ned derifrå.

3Om dei gøymer seg på Karmels topp,

skal eg leita dei opp og henta dei ned,

og løyner dei seg for meg på havsens botn,

skal eg by ormen bita dei.

4Om fiendar fører dei i fangenskap,

skal eg by sverdet drepa dei der.

Eg vil retta augo mot dei

til ulukke og ikkje til lukke.

5Herren, Allhærs Gud,

rører jorda så ho skjelv,

og alle som bur der, syrgjer,

ja, heile jorda stig som Nilen

og sig som elva i Egypt.

6Han som har bygt sin høgsal i himmelen

og reist sin kvelv over jorda,

han som kallar på vatnet i havet

og auser det ut over jorda

– Herren er hans namn. Herren er Gud for alle folk

7Er de, israelittar,

meir for meg enn Nubias søner?

lyder ordet frå Herren.

Eg førte Israel opp frå Egypt,

men også filistarane frå Kaftor

og aramearane frå Kir. Straff og reinsing

8Sjå, Herren Gud har augo vende

mot det syndige riket:

No vil eg rydja folket ut or landet.

Men eg vil ikkje heilt

gjera ende på Jakobs ætt, seier Herren.

9For sjå, eg gjev påbod,

og så rister eg Israels ætt

mellom alle folkeslaga,

som når ein rister korn i såld,

og ikkje ein stein fell til jorda.

10For sverdet skal dei døy,

alle syndarane i mitt folk,

dei som seier: «Ulukka når oss ikkje,

ho kjem aldri over oss.» Atterreising og sæle tider

11Den dagen reiser eg opp att

Davids falne hytte.

Eg murar att rivnene

og reiser det som ligg i røys;

eg byggjer henne som i gamle dagar.

12Så kan dei ta resten av Edom i eige

og alle dei andre folkeslaga

som er nemnde med mitt namn,

lyder ordet frå Herren,

som fullfører dette.

13Sjå, dagar skal koma, seier Herren,

då dei tek til å pløya før skurden er slutt,

og trakkar druer til kornet skal såast.

Druesafta skal drypa frå fjell

og fløyma i alle bakkar.

14Då vender eg lagnaden for Israel, mitt folk.

Nedrivne byar skal dei byggja og bu i;

vingardar skal dei planta og sjølve drikka vinen,

hagar skal dei stella til og sjølve eta frukta.

15Eg plantar dei atter i eiga jord;

aldri meir skal dei rykkjast opp or sitt land,

som eg har gjeve dei,

seier Herren din Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help