1Du skal kalla Aron, bror din, og sønene hans fram or Israels-lyden og setja dei til prestar for meg – Aron og sønene hans, Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.
6Efoden skal dei laga av gulltråd, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. Han skal vera i kunstvevnad.
7Efoden skal ha to aksleband som er feste i hjørna og held han i hop.
8Beltet som han skal spennast fast med, skal vevast på same måten som efoden og i eitt med han. Det skal vera av gull, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn.
9Du skal ta to karneol-steinar, og på dei skal du grava inn namna åt Israels-sønene,
10seks namn på den eine steinen, og dei andre seks på den andre steinen, etter alderen.
11På same måten som ein ritar inn i stein eller grev inn i eit signet, skal du grava inn namna åt Israels-sønene på desse to steinane. Og du skal setja dei i flettverk av gulltråd.
12Begge steinane skal du setja på akslebanda åt efoden. Dei skal minna om Israels-sønene. Når Aron står for Herrens åsyn, skal han bera namna deira på begge akslene sine og såleis minna om dei.
13Du skal laga flettverk av gulltråd
14og to kjeder av reint gull. Dei skal vera tvinna som ein tvinnar snorer. Desse kjedene skal du festa til flettverka.
15Du skal laga ein brystduk til domsavgjerder. Han skal vera i kunstvevnad og vevast på same måten som efoden. Av gulltråd, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn skal du laga han.
31Kappa, som høyrer efoden til, skal du laga heilt igjennom av fiolett ull.
32Midt på henne skal det vera ei halsopning med ei voven bord ikring, liksom rundt opninga i ei brynje, så ho ikkje skal rivna.
33Nedst kring kappefalden skal du setja granateple av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, og mellom dei gullbjøller heilt ikring.
34Fyrst skal det vera ei gullbjølle og eit granateple, så ei gullbjølle og eit granateple, og sameleis nedst rundt heile kappefalden.
35Denne kappa skal Aron ha på seg kvar gong han gjer teneste, så det kan høyrast når han går inn i heilagdomen og stig fram for Herrens åsyn, og når han går ut att – så han ikkje skal døy.
36Du skal laga ei plate av reint gull. I den skal du grava inn som i eit signet: «Helga til Herren.» 29,6; 39,30f
37Du skal festa henne til ei snor av fiolett ull, og ho skal sitja på hua; framme på hua skal ho sitja.
38Aron skal ha henne over panna si, så han kan bera den synda som heng ved dei heilage offera israelittane vier til Herren, ved alle dei heilage gåvene dei ber fram. Ho skal alltid sitja over panna hans, så gåvene kan vera til hugnad for Herren.
39Du skal veva ein rutet kjortel av fint lin og laga ei hue av fint lin og eit belte i mange leter.
40Til Arons-sønene òg skal du laga kjortlar, og du skal laga belte og høge huer til dei, til ære og prydnad. 40,14
41Dette skal du ha på Aron, bror din, og sønene hans. Og du skal salva dei, setja dei inn og via dei, så dei kan gjera presteteneste for meg.
42Lag lerretsbukser til dei! Dei skal løyna den nakne kroppen deira frå hoftene og ned på låra.
43Dei skal Aron og sønene hans ha på seg når dei går inn i møteteltet eller stig fram til altaret og skal gjera teneste i heilagdomen. Elles fører dei skuld over seg og må døy. Det skal vera ei evig lov for han og etterkomarane hans.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.