2. Korintar 7 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Mine kjære, når vi har desse lovnadene, så lat oss reinsa oss frå all ureinskap på lekam og sjel og fullføra vår helging i age for Gud.Glede over at kyrkjelyden angrar

2Gjev oss rom i hjarto dykkar! Ingen har vi gjort urett, ingen har vi øydelagt, ingen har vi gått for nær. 2,3f

9Men no er eg berre glad, ikkje fordi eg gjorde dykk sorg, men fordi sorga dreiv dykk til omvending. For dette var ei sorg etter Guds vilje; difor har vi ikkje gjort dykk nokon skade.

10For sorg som er etter Guds vilje, fører til omvending og frelse, som ingen angrar. Men verdsens sorg fører til død. Matt 27,3ff

11For sjå, det at de fekk sorg etter Guds vilje, kor stor ihuge skapte ikkje det, ja, otte, harme og forsvar, lengting, alvor og vilje til å straffa. På alle måtar har de synt at de er utan skuld i denne saka.

12Då eg skreiv til dykk, var det ikkje for hans skuld som hadde gjort urett, heller ikkje for hans skuld som hadde lide urett. Eg skreiv for at det skulle verta klårt for dykk for Guds åsyn at de vil stå saman med meg.

13Alt dette gav oss nytt mot. Og ei endå større glede var det å sjå kor glad Titus var. De har alle vore med og gjort han roleg i hugen.

14Så når eg har rosa dykk for han, har eg ikkje vorte til skammar. Men liksom eg alltid har tala sant til dykk, så har våre rosande ord til Titus òg vist seg å vera sanning.

15Hjarta hans slår endå varmare for dykk no når han tenkjer på kor lydige de alle var, korleis de tok imot han med otte og age. 2,9; Rom 15,25ff+

16Eg gleder meg over at eg i eitt og alt kan lita på dykk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help