1Men israelittane fór ikkje ærleg fram med det bannlyste godset. Akan, son til Karmi, som var son til Sabdi og soneson til Serah av Juda-ætta, tok av det. Då vart Herren brennande harm på israelittane.
2Frå Jeriko sende Josva nokre menn til Ai, som ligg tett attmed Bet-Aven, austanfor Betel. Han sa at dei skulle fara opp og speida i landet der. Så fór mennene opp og speida i Ai.
3Då dei kom attende til Josva, sa dei til han: «Lat ikkje heile hæren fara dit opp! Send to – tre tusen mann, så tek dei Ai. Du treng ikkje bry alt folket med det; for dei er ikkje mange.»
4Så drog om lag tre tusen mann av hæren dit. Men dei laut røma for mennene i Ai.
5Fiendane slo i hel trettiseks av dei. Dei sette etter dei frå byporten heilt til steinbrota og hogg dei ned i bakkane der. Då miste israelittane motet; det kvarv som vatn.
6Josva og dei eldste i Israel reiv sund kleda sine og kasta seg ned framfor Herrens kiste med andletet mot jorda. Såleis vart dei liggjande heilt til kvelds, og dei strøydde mold på hovuda sine.
16Morgonen etter stod Josva tidleg opp og lét Israel stiga fram, ætt for ætt. Og Juda-ætta vart utteken.
25Og Josva sa: «For ei ulukke du har ført over oss! I dag skal Herren føra ulukke over deg.» Så tok heile Israel og steina han. Og det som høyrde han til, brende eller steina dei.
26Sidan kasta dei i hop ei stor steinrøys over han; og den har lege der til denne dag. Då gav Herren opp den brennande vreiden sin.
Difor vart den staden kalla Akor-dalen, og det heiter han den dag i dag.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.