1Ord av Jeremia, son til Hilkia, ein av prestane i Anatot i Benjamins-landet. Gud kallar Jeremia til profet
4Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
5«Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg,
og før du vart fødd, helga eg deg;
til profet for folka sette eg deg.»
6Men eg svara: «Å, Herre Gud, eg duger ikkje til å tala; eg er så ung!»
«Sei ikkje: Eg er så ung!
Alle eg sender deg til, skal du gå til,
og alt det eg byd deg, skal du tala.
8Ver ikkje redd dei,
for eg vil vera med deg og berga deg,»
lyder ordet frå Herren.
9Så rette Herren ut handa og tok på munnen min. Og Herren sa til meg:
«Sjå, eg legg orda mine i din munn.
10Eg set deg i dag over folk og rike
til å rykkja opp og riva ned,
til å øydeleggja og bryta sund,
til å byggja og planta.» To syner
11Herrens ord kom til meg, og det lydde så: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av vaketreet.»
12Då sa Herren til meg: «Du såg rett; for eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk.»
13Herrens ord kom til meg andre gongen: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ei kokande gryte; ho hallar hit frå nord.»
14Då sa Herren til meg:
Frå nord skal ulukka sleppast laus
over alle som bur i landet.
15For sjå, eg kallar på alle folk
i rika der nord, seier Herren.
Dei skal koma og reisa kvar sin kongsstol
beint framfor portane i Jerusalem,
mot alle murane ikring
og mot alle byane i Juda.
16Då vil eg døma dei for all deira vondskap,
fordi dei vende seg bort frå meg,
brende offer for andre gudar
og tilbad ting dei sjølve hadde laga.
17Men du, spenn beltet om livet
og stå fram og tal til dei
alt det eg byd deg!
Ver ikkje redd dei,
elles gjer eg deg redd dei!
18Sjå, eg gjer deg i dag til ei fast borg,
til ein jernstolpe og ein bronsemur
mot heile landet,
mot kongane og stormennene i Juda,
mot prestane og folket i landet.
19Dei skal strida mot deg, men ikkje vinna;
for eg vil vera med deg og berga deg,
lyder ordet frå Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.