1I dei siste dagar skal det henda
at Herrens tempelberg skal stå
grunnfest høgt over alle fjell
og lyfta seg opp over alle haugar.
Dit skal folkeslag strøyma.
2Mange folk skal gå av stad og seia:
«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar,
og vi kan ferdast på hans stigar!
For frå Sion skal lovlære gå ut,
og Herrens ord frå Jerusalem.»
3Han skal døma mellom mange folk,
skifta rett for mektige folkeslag langt borte.
Då skal dei smida sverda sine om til plogjern
og spyda sine til vingardsknivar.
Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk
og ikkje lenger læra å føra krig.
4Men alle skal sitja trygt,
kvar under sitt vintre og sitt fikentre,
og ingen skal skræma dei.
For Herren, Allhærs Gud, har tala.
5Alle folka ferdast,
kvart i sin guds namn;
men vi skal evig og alltid
ferdast i Herren vår Guds namn. Herren skal samla og leia folket sitt
6Den dagen, lyder ordet frå Herren,
vil eg samla inn dei haltande,
kalla saman dei bortdrivne
og dei eg har fare ille med.
7Dei haltande gjer eg til ein rest,
dei bortdrivne til eit mektig folk,
og Herren skal vera konge over dei på Sion
frå no og til evig tid.
Israels frelse frå fangenskapet8Du Sions gjætartårn og vakthaug,
til deg skal det ein gong koma,
det herrevelde du hadde før,
kongemakta i Jerusalem.
9Men no, kvifor skrik du så sårt?
Er det ingen konge hjå deg?
Er han som rår over deg, komen bort
sidan du vrid deg som i fødselsrier?
10Skrik og vrid deg, Sions dotter,
som ei fødande kvinne,
for no lyt du bort frå byen
og bu i villmarka.
Du skal koma til Babel,
men der vert du berga.
Der vil Herren løysa deg ut
or handa på fiendane dine.
11No har mange folkeslag samla seg mot deg.
Dei seier: «Sion er vanæra,
vi ser på henne med lyst.»
12Men dei kjenner ikkje Herrens tankar
og skjønar ikkje hans plan:
å samla dei som korn på treskjevollen.
13Stå opp og tresk, du Sions dotter,
for eg vil gje deg horn av jern
og klauver av kopar.
Du skal knusa mange folk
og vigsla deira hærfang til Herren,
deira gods til han
som er herre over all jorda.
14No risp deg opp, du kringsette dotter!
Dei har kasta opp ein voll imot oss.
Med stav slår dei Israels herre på kinnet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.