2. Mosebok 14 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Sidan sa Herren til Moses:

2«Sei til israelittane at dei skal snu om og slå leir framfor Pi-Hakirot, midt for Ba'al-Safon, mellom Migdol og havet! Der skal de slå leir nedmed sjøen.

5Men då kongen i Egypt fekk vita at folket hadde rømt, snudde dei om, både han og mennene hans. «Kva er det vi har gjort,» sa dei, «vi som gav Israel fri frå arbeidet?»

6Så spente han føre vogna si og tok hæren sin med seg.

7Han tok seks hundre av dei beste vognene og alle dei andre vognene i Egypt, og djerve stridsmenn var det på dei alle.

8For Herren gjorde farao, kongen i Egypt, hard i hugen, så han sette etter israelittane, då dei med fast vilje fór frå landet.

9Egyptarane sette etter dei med alle vognene og hestfolket, ja, heile hæren åt farao, og nådde dei att bortmed Pi-Hakirot, der dei låg i leir nedmed sjøen, midt for Ba'al-Safon.

10Då farao nærma seg, fekk israelittane sjå at egyptarane kom etter dei. Dei vart livande redde og ropa til Herren.

11Og dei sa til Moses: «Fanst det ikkje graver i Egypt, sidan du har ført oss hit så vi skal døy i øydemarka? Kvifor har du ført oss bort frå Egypt og gjort dette mot oss? Sevsjø-underet

15Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du på meg? Sei til israelittane at dei skal ta i veg!

16Du skal lyfta staven din og retta handa ut over sjøen og kløyva han, så israelittane kan gå midt igjennom sjøen på turre botnen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help