2. Kongebok 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Templet vert sett i stand

1Det var i det sjuande styringsåret åt Jehu at Joasj vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Be'er-Sjeba.

4Joasj sa til prestane: «Alle dei heilage gåvene som kjem inn til Herrens hus i pengar, både det som kvar einskild er ilikna i skatt, og det som nokon sjølvmint kjem til Herrens hus med,

17På den tid gjorde aramearkongen Hasael ei hærferd mot Gat. Då han hadde teke byen, sette han seg føre å gå mot Jerusalem.

18Då tok Joasj, Juda-kongen, alle dei heilage tinga som fedrane hans, Juda-kongane Josjafat, Joram og Akasja, hadde vigt til templet, og det han sjølv hadde vigt. Saman med alt gullet og sølvet som fanst i skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden, sende han det til Hasael, aramearkongen. Då drog han bort og gjekk ikkje mot Jerusalem.

19Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

20Mennene åt kongen reiste seg mot han og fekk til ei samansverjing. Dei drap Joasj i Millo-huset, då han var på veg ned til Silla. Dom 9,6; 2 Kong 14,19; 15,10.25

21Dei kongsmennene som drap han, var Josakar, son til Sjimat, og Josabad, son til Sjomer. Då han var død, gravla dei han hjå fedrane hans i Davids-byen, og Amasja, son hans, vart konge etter han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help