1Gud sa til Jakob: «Gjer deg ferdig, far opp til Betel og slå deg ned der! Der skal du byggja eit altar for Gud, som synte seg for deg då du rømde for Esau, bror din.»
6Jakob kom til Lus i Kanaan – no heiter staden Betel – både han og alt folket som var med han.
«No heiter du Jakob.
Men du skal ikkje lenger heita Jakob;
Israel skal namnet ditt vera.»
Såleis fekk han namnet Israel.
11Og Gud sa til han:
«Eg er Gud Den Allmektige.
Du skal veksa og aukast!
Eit folk, ja, mange folkeslag
skal ættast frå deg,
og kongar skal ha sitt opphav i deg.
12Og det landet som eg gav
Abraham og Isak,
det gjev eg deg
og ætta di etter deg.»
13Så fór Gud opp frå han, frå den staden der han hadde tala med han.
14Jakob reiste ein minnestein der Gud hadde tala med han. Og han auste drikkoffer på steinen og slo olje over han.
17Medan ho låg i hardaste riene, sa jordmora til henne: «Ver ikkje redd! Denne gongen òg får du ein son.»
18Med det same ho anda ut – for det kosta henne livet – kalla ho han Ben'oni. Men faren gav han namnet Benjamin.
19Rakel døydde og vart gravlagd attmed vegen til Efrat, det er Betlehem. Jakobs-sønene. Isak døyr
Jakob hadde tolv søner.
23Sønene til Lea var Ruben, eldste son til Jakob, Simeon, Levi, Juda, Jissakar og Sebulon. 14,13
28Levetida hans Isak vart 180 år.
29Så drog Isak sitt siste andedrag og døydde. Han fór til folket sitt, gamal og mett av dagar. Og Esau og Jakob, sønene hans, gravla han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.