Johannes 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jesus vekkjer opp Lasarus

1Ein mann som heitte Lasarus, låg sjuk. Han var frå Betania, den byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i.

17Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i grava.

18Betania ligg ikkje langt frå Jerusalem, berre femten stadier på lag,

19og mange jødar var komne til Marta og Maria og ville trøysta dei i sorga over broren.

20Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom, gjekk ho til møtes med han; men Maria vart sitjande heime.

21Marta sa til Jesus: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døytt.

22Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg.»

23«Bror din skal stå opp att,» seier Jesus.

24«Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen,» svara Marta.

28Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne: «Meisteren er her og spør etter deg.»

29Då Maria høyrde det, reiste ho seg snøgt og gjekk ut til han.

30Jesus var endå ikkje komen inn i byen, men var der Marta hadde møtt han.

31Dei jødane som var heime hjå Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, og dei fylgde etter; dei tenkte at ho gjekk ut til grava og ville gråta der.

32Som no Maria kom dit Jesus var og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror min døytt.»

33Då Jesus såg at dei gret, både ho og alle jødane som fylgde henne, vart han oppøst og oppskaka,

34og han sa: «Kvar har de lagt han?» «Kom og sjå, Herre,» svara dei.

35Jesus gret. Planar om å drepa Jesus

45Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. 2,13; 6,4; 2 Krøn 30,15ff

56Dei leita etter Jesus, og medan dei stod på tempelplassen, sa dei til kvarandre: «Kva trur de? Kjem han ikkje til høgtida?»

57Overprestane og farisearane hadde gjeve påbod om at den som fekk vita kvar han var, skulle seia frå, så dei kunne gripa han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help