1Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: Matt 24,10; 1 Tim 4,1; 1 Joh 2,18
4han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. Dan 11,36; Esek 28,2
5Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 1 Tess 3,4
6Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem.
7Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen.
8Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. Job 4,9; Jes 11,4; Op 19,15.20
9Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. Matt 24,24; Op 13,13
10Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste.
11Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 2 Tim 4,4
12Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Stå fast!13Vi må alltid takka Gud for dykk, brør, de som er elska av Herren. For frå opphavet valde Gud dykk ut til å verta frelste, de som vart helga av Anden og trudde sanninga. 1,3; Ef 1,4; 1 Tess 4,7; 5,9
14Dette kalla han dykk til ved det evangeliet vi forkynner, så de skal vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom.
15Så stå då støtt, brør, og hald fast på det som de har teke imot og lært av oss, anten munnleg eller i brev. 1 Kor 11,2; 2 Tess 3,6
16Vår Herre Jesus Kristus sjølv og Gud, vår Far, som har elska oss og i sin nåde gjeve oss ei evig trøyst og ei god von,
17han gjeve dykk mot i hjarta og styrke til alt godt, i ord og gjerning!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.