Romarane 15 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Vi som er sterke, må bera veikskapen åt dei veike og ikkje berre tenkja på oss sjølve.

Spottorda frå dei som spotta deg,

har falle på meg.

4Og alt som før er skrive, er skrive for at vi skal læra av det: Vi skal få von gjennom det tolmod og den trøyst som skriftene gjev.

Difor vil eg lova deg mellom folka

og prisa ditt namn.

10Og ein annan stad heiter det:

Gled dykk, de folkeslag, saman med hans folk!

11Og endå ein annan stad:

Lovsyng Herren, alle folk,

pris han, alle ætter!

12Og Jesaja seier:

Koma skal Isais rotrenning,

han som reiser seg og rår over folka,

til han skal folkeslaga setja si von.

13Men Gud, som gjev von, han fylle dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den Heilage Andens kraft.

Tenesta til Paulus og planane hans

14Eg har den tru om dykk, mine brør, at de er fylte av godleik, og at de har kunnskap nok, så de jamvel kan rettleia kvarandre.

15Likevel har eg her og der skrive heller djervt for å minna dykk om det som de før har høyrt. Eg gjer det i kraft av den nåde Gud har gjeve meg:

Dei som ikkje har fått bodskapen om han, skal sjå,

og dei som ikkje har høyrt, skal skjøna.

22Det er dette som gong på gong har hindra meg i å koma til dykk.

30Eg legg dykk på hjarta, brør, for vår Herre Jesu Kristi skuld og for den kjærleik som Anden gjev: Strid saman med meg i bøn til Gud for meg.

32Då kan eg, om Gud så vil, koma til dykk med glede, og få kvila ut saman med dykk.

33Fredens Gud vere med dykk alle! Amen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help