1Då vi var berga, fekk vi vita at øya heitte Malta.
7Ikkje langt frå denne staden låg det eit gods som Publius, fremste mannen på øya, åtte. Han tok venleg imot oss, og vi var gjester hjå han i tre dagar.
8Far til Publius låg sjuk nett då, plaga av feber og dysenteri. Paulus gjekk inn til han, bad og la hendene på han og lækte han.
12Vi gjekk inn til Syrakus og låg der i tre dagar.
13Derifrå siglde vi langs kysten og kom til Regium. Dagen etter fekk vi sønnavind og kom på to dagar til Puteoli.
14Der råka vi nokre brør, som bad oss vera hjå dei ei vekes tid. Så fór vi til Roma.
15Brørne der hadde høyrt om oss og møtte oss heilt ute ved Forum Appii og Tres Tabernæ. Då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk nytt mot.
Paulus i Roma16Då vi var komne inn i Roma, fekk Paulus lov til å bu for seg sjølv saman med den soldaten som heldt vakt over han.
17Tre dagar etter kalla han saman dei fremste av jødane i byen. Då dei var samla, sa han til dei: «Brør! Eg har ikkje gjort noko gale mot folket vårt eller brote dei skikkane vi har frå fedrane. Men endå vart eg sett fast i Jerusalem og gjeven i hendene på romarane.
23Dei avtala ein dag med han og kom så til han der han budde; dei var då endå fleire enn førre gongen. Frå morgon til kveld la han så ut for dei, vitna om Guds rike og freista å vinna dei for trua på Jesus, både ut frå Moselova og profetane.
27For hjarta åt dette folket er hardt;
tungt høyrer dei med øyro,
og augo har dei late att,
så dei ikkje ser med augo
eller høyrer med øyro
eller skjønar med hjarta
og vender om,
så eg får lækja dei.
28Så skal de vita at denne Guds frelse er send til folkeslaga. Og dei kjem til å høyra.»
30Sidan budde Paulus to fulle år i eit hus han hadde leigt. Han tok imot alle som kom til han, 28,16
31og med stort frimod forkynte han Guds rike og lærte om Herren Jesus Kristus; det var ingen som hindra han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.