1Ein song til festferdene.
Dei som set si lit til Herren,
er som Sion-fjellet;
det skal aldri rikkast, men stå til evig tid.
2Liksom fjella ligg vernande om Jerusalem,
såleis vernar Herren om sitt folk
frå no og til evig tid.
3Nidings kongsstav skal ikkje kvila
på landet som dei rettferdige fekk,
så ingen rettferdig skal retta ut handa
og gjera det som vondt er.
4Herre, gjer godt mot dei gode,
mot dei som har ein ærleg hug.
5Men Herren sender frå seg
dei som slår inn på krokvegar,
og dei som fer med vondskap.
Fred vere over Israel!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.