1Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein.
11Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: «Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!»
12Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet.
20Stavane som du skriv på, skal du halda i handa framfor augo på dei.
21Og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg hentar israelittane frå dei folkeslaga som dei fór bort til. Eg samlar dei frå alle kantar og fører dei til deira eige land.
22Så gjer eg dei til eitt folk i landet, på Israels-fjella. Alle skal dei ha ein og same kongen. Dei skal ikkje lenger vera to folk og ikkje meir vera delte i to kongerike.
26Eg gjer ei fredspakt med dei; ei evig pakt skal det vera. Eg lèt dei busetja seg og auka i tal, og eg reiser min heilagdom mellom dei for alltid. 34,25
27Min bustad skal vera mellom dei. Eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk. 3 Mos 26,11.12; Jes 4,5; 2 Kor 6,16; Op 7,15
28Då skal folkeslaga sanna at eg er Herren, som helgar Israel, når min heilagdom er mellom dei for alltid.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.