Malaki 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Sjå, eg sender min bodberar,

han skal rydja vegen for meg.

Brått kjem han til sitt tempel,

Herren som de leitar etter.

Sjå han kjem, engelen for pakta

som de stundar etter,

seier Herren, Allhærs Gud.

2Men kven kan tola den dagen han kjem,

kven kan stå seg når han syner seg?

For han er lik elden som smeltaren brukar,

lik luten som vaskarane reinsar med.

3Han skal sitja og smelta og reinsa sølvet.

Han skal reinsa levittane,

reinsa dei som gull og sølv,

så dei kan bera fram for Herren

offergåver på rett vis.

4Då skal Herren gleda seg

over offergåvene frå Juda og Jerusalem

som i eldgamle dagar, i framfarne år.

5Eg kjem til dykk og held dom.

Eg skundar meg å vera vitne

mot dei som driv med trolldom,

mot dei som bryt ekteskapet,

mot dei som gjer rang eid,

og mot dei som held att løna for leigekaren,

er harde med enkjer og farlause

og rengjer retten for innflyttaren,

men ikkje har age for meg,

seier Herren, Allhærs Gud. Israels svik og ulukke

6Eg, Herren, har ikkje forandra meg,

og de, Jakobs søner, er støtt dei same.

7Heilt frå dykkar fedrars tid

har de vike av frå mine føresegner

og ikkje halde dei.

Vend tilbake til meg,

så skal eg venda meg til dykk,

seier Herren, Allhærs Gud.

Men de spør: «Korleis skal vi venda tilbake?»

8Kan eit menneske røva noko frå Gud?

For de svik meg, men spør likevel:

«Kva er det vi har røva frå deg?»

Tienda og avgiftene!

9Forbanning kviler over dykk som svik meg,

det gjeld heile folket.

10Kom med heile tienda til forrådshuset,

så det kan finnast mat i mitt hus,

og prøv meg på denne måten,

seier Herren, Allhærs Gud.

Då skal eg opna himmelens luker

og renna ut over dykk

velsigning i rikt mål.

11Eg vil skræma grashoppene bort frå dykk,

så dei ikkje øydelegg grøda på marka;

frukta skal ikkje slå feil

på vintrea i hagen,

seier Herren, Allhærs Gud.

12Då skal alle folkeslag prisa dykk sæle,

for då har de eit ynskeland,

seier Herren, Allhærs Gud.

Dom og frelse på Herrens dag

13De talar harde ord mot meg, seier Herren.

Og likevel spør de:

«Kva er det vi har sagt mot deg?»

14De seier:

«Det er fåfengt å dyrka Gud.

Kva vinning har vi hatt

av at vi retta oss etter det han har fastsett,

og gjekk botskledde for Herren, Allhærs Gud?

15Men no vil vi prisa dei frekke sæle,

for dei gjer det vonde, men det går dei vel,

dei freistar Gud og slepp likevel unna.»

16Dei som har age for Herren, tala då saman,

og Herren lydde etter og høyrde kva dei sa.

Hjå han vart det skrive ei minnebok

om dei som ottast Herren og ærar hans namn.

17Den dagen eg gjer mitt verk,

seier Herren, Allhærs Gud,

skal dei vera min eigedom,

og eg vil vera mild mot dei,

liksom ein mann er mild

mot son sin som tener han.

18Då skal de atter sjå skil

på rettferdige og gudlause,

på dei som dyrkar Gud,

og dei som ikkje dyrkar han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help