1Abraham var no gamal og langt oppi åra, og Herren hadde velsigna han i eitt og alt.
2Då sa Abraham til den eldste trælen i huset, han som styrte med alt det han åtte: «Legg handa di i fanget mitt,
5Trælen sa til han: «Men om no jenta ikkje vil fylgja meg hit til landet, skal eg då ta son din attende til det landet du er komen frå?»
6Abraham svara: «Ta deg i vare så du ikkje fer dit att med son min!
7Herren, Gud i himmelen, som tok meg bort frå farshuset og fedrelandet mitt, han som tala til meg og svor at han ville gje mi ætt dette landet, han skal senda engelen sin framføre deg, så du finn ei kone til son min der.
11Han lét kamelane leggja seg ned attmed ein brunn utanfor byen. Det var i kveldinga, på den tid kvinnene plar gå ut og henta vatn.
«Kjære syster, gjev du må verta
til tusen gonger titusen!
Gjev dine etterkomarar må ta
borgene frå sine fiendar!»
61Så gjorde Rebekka og jentene hennar seg i stand, sette seg på kamelane og fylgde trælen. Han tok Rebekka med seg og fór av garde.
62Isak var nett komen heim frå Lakai-Ro'i-brunnen. Han heldt til i Negev den gongen. 16,14+
63I kveldinga tok Isak seg ein tur ut på marka. Då han såg opp, vart han brått var nokre kamelar som kom.
64Og då Rebekka såg opp, fekk ho auga på Isak. Då sprang ho ned av kamelen
65og sa til trælen: «Kven er den mannen som kjem imot oss bortpå marka?» Trælen svara: «Det er husbonden min.» Då tok ho sløret og hadde det for andletet.
66Så fortalde trælen Isak alt det han hadde gjort.
67Og Isak leidde Rebekka inn i teltet åt Sara, mor si. Han tok henne til kone og vart glad i henne. Såleis fann Isak trøyst i sorga over mor si.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.